No kjem produksjons- og avløysartilskotet

Ein som ventar på tilskotet sitt. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Onsdag 15. februar blir produksjons- og avløysartilskotet for 2022 betalt ut. Dei fleste vil få pengane på konto innan 17. februar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.02.2023

Landbruksdirektoratet betalar ut totalt 14,9 milliardar kroner til nærare 37 500 føretak i heile landet denne veka. I Rogaland er det 4035 føretak som har søkt om tilskot for 2022. Dette er ein nedgang på 22 føretak frå 2021. I 2022 fekk landbruksføretaka i tillegg ei ekstrautbetaling av produksjonstilskot på grunn av den ekstraordinære kostnadsveksten.

Sjå meir informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside

Enkelte søknadar er ikkje ferdigbehandla hos kommunen. Desse søknadane vil bli behandla fortløpande, og vil få tilskotet utbetalt så snart dei er ferdigbehandla. 

Har du spørsmål om utbetalinga di, så ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen! 

Produksjonstilskot er ei rekke tilskotsordningar i jordbrukssektoren. Føremålet med produksjonstilskotet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk. Tilskot til avløysning gjer at bønder med husdyr får avlastning, slik at dei kan ta ferie og ha ei ordna fritid. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.