Kva er "vanleg jordbruksproduksjon"?

Søkjer du produksjons- og avløysartilskot må du oppfylle tre grunnvilkår for å ha rett på tilskot. Eit av vilkåra er at du driv vanleg jordbruksproduksjon. Kva dette betyr skal vi gjer greie for i denne artikkelen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.10.2022

Driv du eit jordbruksføretak med husdyr- og/eller planteproduksjon kan du søkje om produksjons- og avløysartilskot. For å ha rett til produksjonstilskot, må føretaket oppfylja tre grunnvilkår. Eit av desse er å drive «vanleg jordbruksproduksjon».

Vi viser til artikkel i Bondevennen publisert datert 3. oktober 2022.  

Vanleg jordbruksproduksjon

Begrepet vanleg jordbruksproduksjon omfattar både husdyr- og planteproduksjon. Ved vurdering av vanleg jordbruksproduksjon må kommunen nytta fagleg skjønn og sjå på kva som er god agronomisk praksis og godt husdyrhald. I tillegg må ein vurdere om drifta har eit næringsmessig preg

Næringsmessig preg og god agronomisk praksis

Husdyrproduksjon med næringsmessig preg skal ha eit visst avdråttsnivå. Avdrått i denne samanheng betyr mjølkeproduksjon, slakteleveranse, sal av livdyr, lammetal, produsert ull, med meir. Avdråtten skal vurderast mot tal dyr i vurderinga, og avdråtten skal vurderast ut frå kva som blir rekna som «normalt» for at føretaket skal ha eit næringsmessig preg. Til dømes må mjølkeavdrått i ein mjølkekubesetning vere minst halvparten av gjennomsnittleg avdrått på landsbasis, for sau må ein mellom anna vurdere lammetal.

Ulike husdyrproduksjonar har ulike krav, produserer ulike produkttypar og har ulike avdråttsnivå. Dette skal takast omsyn til når forvaltninga vurderer avdrått. For å vurdere avdråtten, bruker vi tal for gjennomsnittleg leveranse på landsbasis for den aktuelle produksjonen.

Ved vurdering av om det er vanleg jordbruksproduksjon på eit areal, vurderer kommunen om føretaket ditt har aktiv drift av arealet som du søkjer tilskot for. Aktiv drift inneber mellom anna krav om nødvendig jordarbeid, såing, gjødsling, hausting og/eller beiting av arealet. Areal der det ikkje er aktiv drift og bærer preg at mykje ugras kan bli underkjent som areal med vanleg jordbruksproduksjon.

Avslag på tilskot

Det er  kommunen som vurderer om føretaket driv i tråd med vanleg jordbruksproduksjon. Kommunen skal avslå tilskotet til eit areal eller ein husdyrproduksjon dersom dei vurderer at det ikkje kan reknast for å vera vanleg jordbruksproduksjon. For husdyrproduksjonar med fleire dyreslag blir avslag av husdyrtilskot avgrensa til det dyreslaget som ikkje innfrir vilkåret. Føretaket har likevel rett på husdyrtilskot for dei andre dyreslaga.

Kva er Ikkje vanleg jordbruksproduksjon?

I Rogaland har vi eit stort omfang av ulik drift, difor er det viktig å nytte fagleg skjønn og sjå om føretaket har eit næringsmessig preg. Til dømes skal ein i saueproduksjon para søyene og sende lam til slakt for at føretaket skal ha næringsmessig preg. Sau som ikkje parast og kun brukast til landskapspleie, reknast ikkje som vanleg jordbruksproduksjon for sau. Det same gjeld for andre husdyrproduksjonar, der store avvik mot kva som er «normal» praksis og avdråttsnivå kan bli underkjent som vanleg jordbruksproduksjon.

Dårleg dyrevelferd er Ikkje vanleg jordbruksproduksjon

Mattilsynet forvaltar regelverket knytt til dyrevelferdslova med kontroll og tilsyn. I alvorlege dyrevelferdssaker skal Mattilsynet senda informasjon om sakene til kommunen. Dette gjeld saker der Mattilsynet har fatta vedtak om  forbod mot hald av dyr (aktivitetsforbod) eller heilt eller delvis avvikling av dyrehaldet, eller slått fast kronisk dårleg dyrehald og alvorleg vanskjøtting av dyr.

Kommunen må vurdera om produksjonen utgjer godt husdyrhald og god agronomisk praksis. I dei fleste tilfella er det snakk om så alvorlege saker at husdyrhaldet ikkje kan reknast for å vera vanleg jordbruksproduksjon. Kommunen skal då avslå tilskotet til dei dyra som er omfatta av Mattilsynet sitt vedtak om brot på dyrevelferdsregelverket.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner