Kontroll av kommunane si forvaltning av tilskotsordningane på landbruksområdet
I 2024 blei det betalt ut heile 2,4 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot til bønder i Rogaland. Dei andre tilskotsordningane kjem i tillegg til dette. Statsforvaltaren har kvart år kontroll av eit utval kommunar for å sjekka at midlane blir betalt ut i tråd med regelverket.
Kommunane har ansvar for rett utbetaling av store tilskotssummar til landbruksføretak. Kontroll med kommunane si handtering av tilskotsordningane er viktig for å oppretthalda tilliten til at fellesskapet sine midlar blir nytta rett. Statsforvaltaren i Rogaland har hatt forvaltningskontroll av seks kommunar i år.
I 2024 betalte kommunane i Rogaland blant anna ut tilskot frå følgjande tilskotsordningar:
- Ca. 2,4 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot i jordbruket (PT)
- Ca. 83 millionar kroner i tilskot til regionalt miljøprogram (RMP)
- Ca. 30 millionar kroner i tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v.
Kommunar og tilskotsordningar kontrollert i år
Handtering av ordninga produksjons- og avløysartilskot blir alltid kontrollert i alle kommunane der me har forvaltningskontroll, fordi det er så store summar som blir utbetalt. Elles varierer det noko kva tilskotsordningar som blir kontrollert i dei utvalde kommunane.
Følgjande kommunar og tilskotsordningar blei kontrollert i år:
- Karmøy, Bokn og Utsira (felles landbrukskontor): Produksjons- og avløysartilskot, tilskot til regionalt miljøprogram og tilskotsordningane på skogområdet.
- Time: Produksjons- og avløysartilskot, tilskot til regionale miljøtiltak, tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket, tilskot til drenering og tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v.
- Bjerkreim: Produksjons- og avløysartilskot, tilskot til regionalt miljøprogram, tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket, tilskot til drenering, tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v. og tilskotsordningane på skogomådet.
- Suldal: Produksjons- og avløysartilskot, tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v., tilskot til utvalde kulturlandskap og tilskotsordningane på skogområdet.
I det store og heile har kommunane god kontroll på at tilskotsmidlane blir betalt ut etter gjeldande regelverk. Rapport frå forvaltningskontrollen i kvar kommune finn du her.
Endelege rapportar frå Bjerkreim og Suldal er enno ikkje tilgjengelege, men blir lagt ut i løpet av kort tid.
Internkontrollrutinar og enkeltsaker
I kontrollen ser me først og fremst på om kommunen har gode rutinar for internkontroll på plass. Er rutinane i tråd med regelverket for tilskotsordningane? Så ser me på enkeltsaker for å sjå om kommunen følgjer opp eigne rutinar.
Dersom dokumentasjonen av internkontroll og annan dokumentasjon ikkje er på plass, eller dersom kommunen systematisk handsamar saker utan å følgja regelverk og rettleiing, får kommunen avvik. Kommunen må ha ein plan for korleis avvika skal rettast opp før forvaltningskontrollen blir lukka.
Risikobasert utval til kontroll
Når det gjeld ordninga produksjons- og avløysartilskot, skal Statsforvaltaren kontrollera minst 20 % av kommunane kvart år, det vil seie minst fem kommunar i Rogaland. For dei andre ordningane er det ikkje talfesta noko krav til kor mange kommunar som skal kontrollerast årleg.
Utvalet av kommunar til kontroll skal vera risikobasert. I vår risikovurdering legg me blant anna vekt på tal søknadar og sum tilskot utbetalt i kommunen, og ikkje minst erfaringane våre frå førre forvaltningskontroll. Det betyr at nokre kommunar vil bli kontrollert oftare enn andre.