Denne veka kjem utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot i landbruket

Ifølgje melding frå Landbruksdirektoratet blir det utbetalt om lag 10,3 mrd. kroner til ca. 38 200 jordbruksføretak i Noreg onsdag 17. februar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.02.2021

Svar på søknad om produksjons- og avløysartilskot kjem i Altinn. Tilskotet blir utbetalt til kontonummeret du har registrert hos Landbruksdirektoratet. Det er viktig at du kontrollerar at opplysningane i vedtaksbrevet stemmer. Du kan klage på vedtaket innan 3 veker etter du mottok vedtaksbrevet. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom du har fått utbetalt meir tilskot enn kva som er rettmessig, kan tilskotet krevjast tilbake.

Dei fleste føretak får utbetalt tilskotet sitt denne veka, men nokre få søknadar vil kommunen trenga lenger tid å behandla. Desse vil bli utbetalt så raskt dei blir klare. Fyrste utbetaling etter hovudutbetalinga er 24. februar.

Det er viktig at du ikkje slettar føretaket ditt før tilskotet er utbetalt. Dersom føretaket som leverte søknad om produksjonstilskot og/eller avløysartilskot er sletta før utbetalinga, blir ikkje tilskotet utbetalt.

 

Meir informasjon om produksjonstilskot og utbetaling finn du på heimesida til Landbruksdirektoratet:

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.