Avslag på produksjonstilskot til tre gartneri

Fylkesmannen har avslått søknadene om produksjonstilskot fordi føretaka etter gjeldande regelverk ikkje har rett på tilskot. Føretaka må også betale tilbake tilskot som allereie er utbetalt dei tre siste åra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.09.2014

Hovudårsaka til at produksjonstilskotet er avslått for desse føretaka er at det er felles eigarinteresser mellom føretaka. I reglane for søknad om produksjonstilskot står det mellom anna at det ikkje kan gis tilskot til føretak som har felles eigarinteresser og som søkjer produksjonstilskot til same produksjon.

Kommunane som gartneria ligg i, fatta i desse sakene ulike vedtak. Det var difor nødvendig at Fylkesmannen såg nærare på desse sakene. Etter ei vurdering av sakene opp mot gjeldane regelverk, blei utfallet avslag og krav om tilbakebetaling av tilskot.

Desse tre gartneria er alle organiserte som aksjeselskap. Kort fortalt eig aksjonærane i to av gartneria aksjer i det tredje gartneriet, noko som gjer at det er eigarinteresser mellom gartneria. Alle tre føretaka har søkt om produksjonstilskot til grøntproduksjon, noko som blir rekna som same produksjon ved søknad om produksjonstilskot. Det er i strid med gjeldande regelverk når fleire føretak med felles eigarinteresser søkjar tilskot til same produksjon. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.