Tilskot til dyr på beite - krav til beitetid

Kaldt og vått ver denne våren og sommaren kan gjere det vanskeleg for enkelte bønder å oppfylle krav til beitetid i beitetilskota. Fylkesmannen kan dispensere frå krava, men tilrår at bøndene venter med å søkje dispensasjon til dei ser korleis hausten blir.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.07.2015

Det kan bli gitt tilskot til dyr som går minst 12/16 veker på beite. For tilskot til dyr på utmarksbeite er kravet minst 5 veker. Det spesielle veret første del av dette året gjer at det kjem mange spørsmål om dispensasjon frå kravet til beitetid. Kravet er at dyra må gå på beite, og at hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket skjer ved beiting. På beitet, anten det er utmark eller innmark, må det vere god nok tilgang på beitevekstar. Berre ein mindre del av det daglege grovfôrinntak kan vere hausta grovfôr.

Krav til beitetid
For å ha rett på tilskot til dyr på beite, må dyra gå på beite i minst 16 veker for føretak med driftssenter i kommunane Bjerkreim, Gjesdal, Sandnes, Stavanger, Strand, Hå, Klepp, Time, Sola og Randaberg. I resten av fylket er kravet minst 12 veker. For å få rett på tilskot til dyr på utmarksbeite, er kravet minst 5 veker.

Dispensasjon
Fylkesmannen kan i særlege tilfelle gi dispensasjon. Dispensasjon skal berre bli gitt i spesielle situasjonar ved ekstraordinære hendingar som ligg utanfor søkjars kontroll. Fylkesmannen kan ikkje gi ein generell dispensasjon for særskilte område. Det er drivar av det enkelte føretak som må søkje dispensasjon, men Fylkesmannen tilrår å vente med å søkje til vi ser korleis hausten blir. Det er ikkje mogleg å behandle søknader om dispensasjon enno fordi ingen veit kor lenge dyra kan gå på beite utover hausten. Vi får håpe at veret gir oss ein god beitehaust.

Generell informasjon om dispensasjon finn du i rundskriv 2014-29 frå Landbruksdirektoratet, sjå pkt. 9.2.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.