Tilskot til dyr på beite - dispensasjon grunna dårleg vêr

Kald og våt vår har gjort det vanskeleg for enkelte bønder å oppfylle krav til beitetid som ligg i det generelle beitetilskotet. Fylkesmannen kan dispensere frå kravet, men berre i heilt spesielle tilfelle.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.10.2015

Gjeldande krav for tilskot til dyr på beite

For å ha rett på tilskot til dyr på beite, må dyra gå på beite i minst 16 veker for føretak med driftssenter i kommunane Bjerkreim, Gjesdal, Sandnes, Stavanger, Strand, Hå, Klepp, Time, Sola og Randaberg. I resten av fylket er kravet minst 12 veker.

Det spesielle veret første del av dette året gjer at det har vore ein del spørsmål om dispensasjon frå kravet til beitetid. Kravet er at dyra må gå på beite i totalt 16/12 veker, og at hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket desse vekene skjer ved beiting. På beitet må det vere god nok tilgang på beitevekstar. Berre ein mindre del av det daglege grovfôrinntak kan vere hausta grovfôr.

Dispensasjon

Våren i år var spesiell, med mykje blautt og kaldt ver, noko som førte til forseinka beiteslepp mange stader. I all hovudsak har det vore ein fin haust, men med enkelte blaute periodar. Forseinking i beiteslepp på våren kan vere vanskeleg å ta igjen på hausten for enkelte føretak som har krav om beiting i 16 veker. Det gjeld særleg føretak med mjølkekyr.

Fylkesmannen kan i særlege tilfelle gi dispensasjon, og godkjenne eit mindre tal veker på beite. Vi syner i den samanheng til Landbruks- og matdepartementet sitt fastsetjingsbrev for forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket, datert 19.12.2014, kap. 5.2.2:

«For å kunne innvilge dispensasjon, kreves det imidlertid at det skal foreligge et ”særlig tilfelle”. Det skal derfor mye til før dispensasjon kan gis. Eksempelvis vil en generell henvisning til at 16 ukers beitetid i enkelte områder vil kunne oppleves som lenge, ikke være nok. (…) Det kan likevel tenkes at det for enkelte år og i enkelte områder vil kunne foreligge særlig klimatiske forhold som gjør det umulig å oppfylle kravet til beitetid i innmark. I slike tilfeller bør fylkesmannen kunne dispensere ved å redusere antall uker i nødvendig grad».

Ut i frå det vi veit om årets beitesesong, har det generelt vore gode tilhøve for beiting i 12 veker. Beitekravet på 16 veker, har derimot vore vanskeleg å oppfylle enkelte stader, særleg for føretak med mjølkeku.

Bønder som har søkt beitetilskot, men ikkje har klart beitekravet grunna dårleg ver, må søkje om dispensasjon for å ha rett på beitetilskot. Fylkesmannen vil då vurdere om det kan leggjast til grunn eit lågare tal veker på beite for å ha rett på beitetilskot denne søknadsomgangen.

Fylkesmannen kan ikkje gi ein generell dispensasjon for særskilte område. Det er det enkelte føretak som må søkje dispensasjon. I ein dispensasjonssøknad er det viktig å gi ei god forklaring av korleis tilhøva har vore, vise til kor lenge dyre har vore på beite, og kva som er årsaka til at det ikkje har vore mogleg å ha dyra på beite lenger. Søknaden skal stilast til Fylkesmannen og sendast til kommunen.

Har du spørsmål, ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune. Generell informasjon om dispensasjon finn du i rundskriv 2015-26 frå Landbruksdirektoratet, sjå pkt. 9.2.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Dokumenter