No kjem endringane etter jordbruksoppgjeret – dette er nytt i produksjonstilskotet

Årets jordbruksoppgjer fekk brei merksemd, og søknadsomgangen med frist 20. august er første søknadsrunde etter jordbruksoppgjeret. Nedanfor finn du dei endringane som gjeld i produksjonstilskotet frå og med komande søknadsomgang.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.07.2014

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket kan leverast frå og med 31. juli. Søknadsfristen er, som tidlegare år, 20. august.

Krav til omsetnad er fjerna og botnfrådrager er auka
Botnfrådraget blir auka frå kr 3 000 til kr 6 000 pr. føretak. Samtidig blir vilkåret til minimumsomsetnad fjerna. Det vil seie at det ikkje lenger er eit krav at føretaket må vere registrert i Mva-registeret eller at dei skal ha ein omsetnad på minimum kr 20 000 dei siste 12 månadane.

Dobling av maksimalbeløpet til husdyr
Maksimalbeløpet føretaket kan få i tilskot til husdyr blir dobla. Nytt tilskotstak for husdyr er på kr 560 000. Som tidlegare er det summen av tilskotet i søknadsomgangane i august og januar som ikkje kan vere høgare enn til saman kr 560 000.

Nye strukturer i husdyrtilskota
Enkelte tilskotsintervall blir slått saman, sjå tabell 1 under. I tillegg blir det no gitt tilskot for mjølkekyr utover dei første 50 dyra, for storfe utover de første 250 dyra og for sau utover de i første 300 dyra.

Felles tilskotssats for all sau
Det vil ikkje lenger vere skilje mellom vinterfôra sau og utegangarsau. Det vil i staden bli innført ein felles tilskotssats for all sau, uavhengig av driftsform. Som eit resultat vil tilskotssatsen for sau over eitt år bli noko redusert, mens tilskotssatsen for lammeslakt blir auka (sjå tabell 1).

Tabell 1. Nye tilskotsintervall for husdyr

Tilskotsgruppe

Gamal inndeling

Gamal sats*

Ny inndeling

Ny sats**

Ammeku

1 – 25

26 – 50 dyr

51+

4 080

2 170

500

1 – 50 dyr

51 +

3 980

800

Sau

1 – 50 dyr

51 – 100 dyr

101 – 200 dyr

200 – 300 dyr

1 326

1 070

347

210

1 – 100 dyr

101 +

1 000

250

Utegangarsau

1 - 300

210

Lammeslakt

*Kvalitet O eller betre

*Små slakteri

*Tillegg økologisk (O eller betre)

206


194

40

Levert til offentleg godkjend slakteri
-Klassifisert av godkjend klassifisør med kvalitet O eller betre

-levert til mindre slakteri***

-tillegg økologisk (O eller betre)

 

500 

 


471***

40

 

*Henta frå jordbruksavtalen 2013 – 2014
** Henta frå jordbruksavtalen 2014 – 2015
***Sjå jordbruksavtalen for meir detaljar

Innføring av produksjonskrav til mjølkekyr og ammekyr
Det blir innført produksjonskrav til ammekyr og mjølkekyr, som seier at kua må ha kalva i løpet av dei siste 15 månadane for å ha rett på tilskot.

Økologisk
For dei som driv økologisk, vil husdyrtilskotet bli auka. Samtidig blir den regionale differensieringa fjerna.

Frukt, bær og veksthusgrønsakar
For frukt og bær vil det ikkje lenger vere kvantumsavgrensing, mens for veksthusgrønsakar er maksimalbeløpet fjerna. Veksthusgrønsakar har i tillegg fått felles satsar for sone 4 -7. Ordet «kvalitetstilskot» er fjerna.

Arealtilskot
Det er ikkje lenger strukturdifferensiering av arealtilskotet. Soneinndelinga vil framleis gjelde, men innanfor kvar sone blir det gitt likt tilskot for alt areal. Det er heller ikkje nokon øvre grense for kva areal du får tilskot for lenger.

Fleire endringar
For andre endringar, som justeringar av satsar, endringar i avløysartilskot mv., sjå teknisk jordbruksavtale 2014 – 2015.

Vi gjer merksam på at det kjem ny forskrift om produksjons- og avløysartilskot frå og med 01.01.2015. Her kjem det fleire endringar som tilskotsmottakarane må kjenne til. Vi kjem tilbake med meir informasjon om desse så fort som mogleg utover hausten, og ber alle tilskotsmottakarar om å gjere seg kjende med endringane og kva desse inneber for eige føretak.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.