Frist for søknad om avlingssvikerstatning

Er du ein av dei som planlegg å søkje erstatning for avlingssvikt etter årets sesong – husk søknadsfrist den 31.oktober.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.10.2015

Ein kald vår og sommar førte til at mange blei bekymra for korleis avlinga ville bli denne vekstsesongen. Mykje tyder på at det har blitt brukbare avlingar, særleg for grovfôr. Vi har fått melding om at det kan kome søknader om erstatning for vekstgruppe korn og frukt.

Søk erstatning elektronisk

Fristen for å søkje erstatning er 31.oktober. Vi oppmodar om å søkje på nett/søkje elektronisk. Å søkje på nett er enklare sidan den elektroniske søknaden delvis er utfylt på førehand med data, mellom anna frå søknad om produksjonstilskot. I tillegg vil det bidra til å redusere saksbehandlingstida. Ta kontakt med kommunen din dersom du treng råd og hjelp. Kommunen tek imot søknaden og sender den til behandling hos Fylkesmannen.

For å ha rett på erstatning må du ha meldt frå om skade til kommunen på et tidleg tidspunkt. Dette fordi det skal være mogleg for kommunen å kontrollere at skaden faktisk skuldast klimatilhøve.

Formålet med ordninga er å redusere økonomiske tap som oppstår som følgje av klimatiske høve. Hovudprinsippet for ordninga er at den skal være til hjelp gjennom ein vanskeleg økonomisk periode, og ikkje ein form for inntektsgaranti.

Gå til søknadsskjema

Les meir her om ordninga, nye satsar og korleis ein kan søkje om erstatning for avlingssvikt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.