Å gløyme opplysningar påverkar tilskotsutbetalinga

Å etterregistrere utegløymte opplysningar i søknad om produksjonstilskot, blir rekna som innsending av ny søknad. Det presiserer Landbruksdirektoratet i eit nyleg utsend brev. Konsekvensane for utmåling av tilskot kan bli store, og vi oppmodar derfor alle til å bruke god tid når dei fyller ut søknaden.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.11.2015

Konsekvensar ved å gløyme opplysningar

Dersom du har gløymt å føre på t.d. dyr eller areal i søknaden, og ønskjer at landbruksforvaltninga skal leggje desse til etter søknadsfristen, blir det rekna som at søknaden blir sendt inn på nytt. Det har Landbruksdirektoratet nyleg presisert i eit brev til kommunane og Fylkesmannen. Søknadar som blir levert etter søknadsfristen blir trekte med kr 1000 per dag. Det vil seie at du blir trekt med kr. 1000 pr. dag frå søknadsfristen, og fram til dei nye opplysningane er meldt inn.

Etter ein månad etter søknadsfristen er det i utgangspunktet ikkje lenger mogleg å føre opp utegløymte opplysningar. Årsaka er at ein søknad om produksjonstilskot ikkje kan sendast inn seinare enn ein månad etter søknadsfristen.

Eit døme

Søknadsfristen for tilskot til dyr på beite er 20. august. 25 august ser du at du har gløymt å føre opp 100 sau på utmarksbeite. Du tek kontakt med kommunen same dag. Dersom du skal få utbetalt tilskot til dei ekstra 100 sauene på utmarksbeite, får du samtidig eit trekk på kr. 5 000 for seint levert søknad (5 dagar etter fristen). Dersom du først oppdagar dette 1. oktober, over ein månad etter søknadsfristen, er det i utgangspunktet ikkje lenger mogleg å få tilskot for dei utegløymte sauene.

Konsekvensar ved feil i søknaden

Som søkjar er du ansvarleg for at opplysningane som du oppgir på søknadsskjemaet er korrekte. Har du ført opp feil i søknaden som kunne ha ført til for høg utbetaling, vil tilskotsutbetalinga bli redusert. Dersom kommunen oppdagar at du t.d. har ført opp 4 kyr for mykje, skal dei først redusere tal dyr i søknaden med 4 kyr. I tillegg skal kommunen vurdere å avkorte i den resterande tilskotsutbetalinga. Dersom du oppdagar feilen sjølv og melder frå om denne, skal dette normalt kome deg til gode i kommunen si avkortingsvurdering. Sei derfor i frå så fort du oppdagar eventuelle feil.

Start i god tid

Har du spørsmål om regelverket, eller er usikker på korleis søknaden skal fyllast ut, anbefalar vi sterkt at du tek kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen din før søknadsfristen.

Reglane om avkorting og behandling av utegløymte opplysningar gjer at dei økonomiske konsekvensane kan bli store dersom du ikkje er obs, og brukar god tid på å fylle ut søknaden om produksjonstilskot. Vi vil derfor oppmode alle til å setje seg godt inn i reglane som gjeld, og å starte med å gå gjennom søknadsskjemaet i god tid før søknadsfristen.

For spørsmål kring dette, og andre deler av regelverket for produksjonstilskot, ta kontakt med kommunen. Det ligg også mykje informasjon ute på heimesida til Landbruksdirektoratet.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.