2018 er året for fornying av fjøs med 15-30 mjølkekyr

Oppdragsbrevet om strategisk bruk av dei bedriftsretta investeringsmidlane til Innovasjon Noreg Rogaland er no sendt. Her er det særleg framheva at mjølkebruk med 15-30 kyr skal ha prioritet. Rogaland har fått 53 millionar kroner medrekna ekstra tildeling gjennom statsbudsjettet. Det er midlar til fleire i 2018 enn nokon tidlegare år. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.02.2018

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har i oppdragsbrevet til Innovasjon Noreg datert 22.02.2018 gitt overordna føringar for bruk av midlane. Fylkesmannen skal i dialog med partnarskapet i landbruket, formidle signala om den strategiske bruken av midlane til Innovasjon Noreg. Vårt oppdragsbrev datert 27.02.2018 er eit styringsdokument for målretta bruk i Rogaland.

Ekstra midlar i 2018

I samband med statsbudsjettet 2017 blei det tildelt 75 mill. kroner ekstra til investeringsmidlar i 2018. Rogaland får 6 mill. av desse midlane, og har då 53 mill. kroner til fordeling. Det gjer at fleire enn før kan få støtte. Det kan og vere at særleg prioriterte prosjekt får høgare utmåling.

Mjølkefjøs med 15-30 kyr har klar prioritet

I vårt oppdragsbrev er det særleg framheva at vi vil prioritere fornying av mjølkefjøs med 15-30 kyr, i tråd med klare nasjonale føringar. Vi har presisert at det ikkje skal stillast krav om auka mjølkevolum på desse bruka, grunnlaget skal vere fornying av eksisterande driftsomfang.

Framleis satsing på storfekjøt, frukt/bær og miljøtiltak

Av brevet går det elles fram at vi vidarefører prioriteringa av storfekjøt, frukt og miljøtiltak, og satsing på bær er framheva som særleg prioritert. Det er elles peikt på at vi kan gå mot marknadsbalanse for storfekjøt, og at nye ammekufjøs ikkje skal ha så høg prioritet som i 2017. Ordninga med miljøtiltak i prioriterte vassdrag held fram, og det blir opna for at fleire vassdrag kan komme med i ordninga.

Bygg i tre får ekstra midlar

Prosjekt med energi- og klimaeffektive løysingar skal ha prioritet, og her vil vi særleg framheve bruk av tre som byggemateriale. Vi vidareførar ordninga med inntil 150 000 kroner ekstra for bygg i tre.

Prioritering av mat og reiseliv som landbruksbasert tilleggsnæring

Det er eit klart mål om auke tal løyvingar innan landbruksbaserte tilleggsnæringar, og vi vidareførar her prioritering av mat og reiseliv.

Brevet frå Landbruks- og matdepartementet og vårt oppdragsbrev er å finne som vedlegg til saka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.