Er du vår nye rådgivar innan skogbruk?

Tømmerlunne i Nedstrand i Tysvær kommune.
Tømmerlunne i Nedstrand i Tysvær kommune.

Brenn du for berekraftig skogbruk og auka verdiskaping frå skogen, då har vi ledig stilling til deg. Skogen kan bli den nye olja, eit viktig bidrag inn i det grøne skiftet.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.03.2022

Vi søker skogfagleg rådgivar til landbruksavdelinga vår. Er du nysgjerrig så sjå for all del på denne stillingsannonsa. Vi søker etter relevant kompetanse innan skogfag, samstundes er rett person også viktig. Vi har god erfaring med å tilsette nyutdanna.

Bidra til eit berekraftig skogbruk

Skogen er av stor verdi, både for skognæringa og i miljø- og klimasamanheng. I Rogaland har vi mykje folk og stor aktivitet, og det gir stor merksemd knytt til bruk av areal. Dette gjeld også skogareal.

Statsforvaltaren har ansvar for at nasjonal politikk blir formidla og følgt opp i praktiseringa av lovverket. På skogområdet har vi som hovudoppdrag å sikre eit berekraftig skogbruk der auka hogst blir følgt opp med ny forynging og skogskjøtsel, og trevirke inngår som ein del av eit klimatilpassa samfunn.

Til stillinga høyrer oppgåver innan tema skogkultur og skjøtsel, karbonbinding og klimatilpassing i skog, bruk av tre i bygg og til bioenergi, frivillig vern, oppfølging av lovverk og rettleiing av kommunane. Andre oppgåver kan vere aktuelle avhengig av behov, kvalifikasjonar og kompetanse.

Skogen er og blir ein viktig ressurs

Rogaland er eit mindre skogfylke sett ut frå samla skogressursar, men samstundes er det mykje spanande som skjer knytt til bruk av skogsvirke. Det er store planar om bruk av trevirke til innslag i dyrefôr, til byggemateriale og som energikjelde. Spanande utviklingsoppgåver kring dette ligg til stillinga.

I eit godt lag

Hos oss får du arbeide med varierte og interessante oppgåver innan skogfaget, i ei avdeling som har oppgåver innan heile landbrukssektoren. Vi er om lag 25 tilsette i avdelinga, som alle ønskjer å gjere kvarandre gode.

Ta kontakt

Du må gjerne kontakte landbruksdirektør Geir Skadberg eller ass. direktør Anfinn Rosnes.

Her er link til ein filmsnutt frå 2019, men som er overraskande aktuell også i dag.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.