Store beiteskadar av hjort i skog

Ny rapport frå NIBIO viser store skader både i plantefelt og yngre produksjonsskog. I tillegg kjem store skadar på eng. Summen blir store økonomiske tap for grunneigarane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.06.2022

Om rapporten

NIBIO har nyleg utarbeidd ein rapport om «Beiteskader av hjort i foryngingsfelt og ung produksjonsskog av gran og furu». Sentrale personar i arbeidet har vore Samson Øpstad, Gro Hylen og Erling Meisingset i NIBIO. Det er gjennomført feltregistreringar i alt 26 utvalde kommunar frå Rogaland og Suldal i sør til Trøndelag og Agdenes i nord. Det er eit stort talmateriale som ligg i botn for resultata i rapporten med registreringar i vel 650 bestand.

Registreringane er lagt til kommunar med skogbruksplan, med fordeling mellom ytre, midtre og indre del av fylka. Utvalet er også vekta litt mot kommunar der ein antok at det var ein god del hjort. Det er såleis ikkje eit tilfeldig utval, men stratifisert utvald. Det betyr at rapporten ikkje kan nyttast til å seia noko om det totale skadeomfanget av hjort, men gir ein god indikasjon på skadeomfanget.     

Resultat

Det er estimert eit verditap på inntil 46 prosent i foryngingsfelt av gran på Vestlandet og i Trøndelag. Skadane er først og fremst skotbeiting som hindrar tilfredsstillande etablering av ny kvalitetsskog. Skadeomfanget i yngre produksjonsskog (hogstklasse 3 og 4) er lågare. Skadane her er borkgnag. Berekningane av verditap etter borkgnag er på 18 prosent. Saman med beiteskadar på eng, utgjer det store økonomiske tap for grunneigarane.

Hjortestammen ser ut til å vere i kraftig vekst langs kysten. Berre avskytings-statistikken for hjort i Rogaland viser en kraftig auke de siste 5 åra frå eit uttak på rundt 2000 dyr til nærmare 3500 dyr i 2021, sjå figur 1. under. På landsbasis har hjorten allereie med god margin passert elgen på avskytings-statistikken. Det blir i rapporten vist til at bestanden av hjort har dobla seg sidan 2000 talet, og mykje tyder på at veksten dei siste åra har vore større enn gjennomsnittet.

I hjortetette område er skadepresset på skog og innmark no så stort at dette fører til stort tap i produksjon og inntekt.

Aktuelle tiltak

Det er vurdert aktuelle tiltak i rapporten for å redusera skadeomfanget. Det hastar med effektive tiltak, spesielt i dei mest utsette og hjortetette områda. Bestanden må ned på eit berekraftig nivå definert ut frå fleire mål. Det samla jaktuttaket må aukast og med eit større uttak av produksjonsdyr, hodyr, og særleg kviger, og unge og små koller. Det blir peika på at det må vere god samhandling mellom grunneigarstyrt- og offentleg forvaltning.

image6xav1.png

Rapporten vil være eit viktig bidrag og grunnlag for ein meir berekraftig forvaltning av ein hjortebestand i kraftig vekst langs kysten. 

imagebkxjw6.png

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.