Tre som fornybart byggemateriale i kommunane

Reduksjon i klimautslepp frå bygg er eit steg i retning mot å bli eit lågutsleppsamfunn. Som offentlege bestillerar og byggherrar kan kommunane påverke slik at ein større del av materiala i bygg er fornybare. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.08.2021

Byggjenæringa står for 40 prosent av all uthenting av naturressursar, avfallsproduksjon og energiforbruk i samfunnet i dag. 

Som offentlege bestillerar og byggherrar kan kommunane sørge for at ein større del av materiala i bygga er sirkulære. Tre er eit fornybart byggemateriale og har eigenskapar som gjer det eigna for bruk til berekonstruksjonar i bygg. Auka bruk av tre i bygg kan derfor vere eit viktig bidrag på vegen mot lågutsleppssamfunnet. 

For å få stadig betre bygg, som gir mindre klimaavtrykk og som er tilpassa det framtidige klimaet, treng vi kommunar som nyttar bestillerrolla si. Dei må etterspørje bygg i tre, og sørge for at bygga får lang levetid.

Meld deg på webinar «Alle gode ting er bygg i tre – et skoleeksempel»

Den 23. september arrangerer me ei digital samling med tema klimavenlege val i byggeprosessar og bruk av tre som klimavenleg materiale.

Mellom anna skal Sintef fortelle om oppgradering av eksisterande bygg og me får eit praktisk eksempel gjennom presentasjon av prosessen bak den nye KF-skulen på Tjensvoll. 

Målgruppa er ansatte i kommunene med ansvar for nybygg eller rehabilitering, klima- og miljørådgjevarar, eller anskaffingar. Følg linken for mer informasjon og påmelding. 

Tre er eit fornybart og sirkulært materiale 

Tre som byggemateriale har fleire klimavenlege eigenskapar. Karbonet som er lagra i treet går inn i det naturlege kretsløpet til karbon. Karbonutsleppa frå byggematerialar av tre skriv seg hovudsakleg frå foredlingsprosessen og frå transport. Material av tre er både lett og sterkt, som er endå ein fordel når det skal transporterast og monterast. 

Jo meir tre vi bruker i bygg, jo meir auker også mengda karbon som er lagra i bygga. Bygga blir som karbonmagasin. Dette karbonet blir hindra frå å finne vegen ut i atmosfæren som drivhusgass i all den tida bygget står og materialane er i bruk. 

Treprodukt har liten negativ effekt på miljøet, føresett at råstoffet kjem frå skog som er forvalta på ein berekraftig måte. Vi har nasjonale og internasjonale sertifiseringsordningar for berekraftig skogbruk. Kommunane kan spørje etter slike sertifiserte byggematerialar når dei bestiller.  

For å selje tømmer i den norske tømmermarknaden må tømmeret vere sertifisert etter norsk PEFC skogstandard eller FSC, og gjeldande lover og forskrifter må vere følgd. 

 

Denne artikkelen er publisert med utgongspunkt i ein artikkel frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.