Her er opptak frå webinar for skogeigarar

Gjekk du glipp av webinara for skogeigarar? Her finn du opptak av føredraga om planting, ungskogpleie og skogbruksplanen. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.04.2021

I vinter arrangerte me fire kveldswebinar retta mot skogeigarar i Rogaland i samarbeid med ulike aktørar. Fagkveldane ga skogeigarar og andre interesserste fagleg påfyll om kva som skal til for å få best mogleg skogproduksjon, klimagevinst og økonomi på skogeigedomen.

Gjekk du glipp av webinara eller har lyst å sjå føredraget om igjen ligg opptaka frå tre av fagmøta i Youtube-kanalen til Statsforvaltaren i Rogaland.

 

Smart planting for optimal bruk av arealet

Ved å plante skog sikrar du produksjon av tømmer og karbonbinding, økonomien på eigedommen og tilgong på fornybart råstoff i framtida. Dette er eit av dei viktigaste tiltaket du som grunneigar gjer i skogen. Mathis Lunde frå Skogkurs fortel om korleis du oppnår god forynging av skogen, og kva du må tenke over når du skal plante ny skog.

 

Ungskogpleie – kvifor og korleis

Ungskogpleie er eit av dei mest lønsame tiltaka ein skogeigar kan gjera i skogen sin. Gjennom ungskogpleien blir tidlegare investeringar i forynging ivareteke, samtidig som ein legg til rette optimal produksjon og valmoglegheiter i framtida. Mathis Lunde frå Skogkurs fortel korleis ein gjennomfører ein god ungskogpleie som sikrar ein god tilvekst i skogen.

 

Praktisk bruk av skogbruksplanen

Skogbruksplanen er skogeigaren sitt viktigaste verktøy for å gjere gode prioriteringar og gjennomføre tiltak til rett tidspunkt på sin eigedom. Jon Bjarne Onsøien frå AT Skog SA fortel om kva ein skogbruksplan inneheld, og viser eksemplar frå den digitale skobruksplanen ALLMA.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.