Stor juletreproduksjon i Rogaland, men endå større i verkelegheita?

Nordmannsedelgran frå Rogaland er ein ettertrakta vare i heile landet.
Nordmannsedelgran frå Rogaland er ein ettertrakta vare i heile landet. Foto: Birgit S. Hagalid.

Rogaland er eit juletrefylke og i 2020 blei det hogd 75 000 juletre lokalt. Truleg er produksjonen og verdiskapinga i juletrenæringa vesentleg større, men dette kjem ikkje fram i statistikken.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.05.2021

I Rogaland har det over tid etablert seg eit stabilt miljø med fagleg dyktig juletreprodusentar som forsyner fylket og resten av landet med julestemning frå norske, ekte juletre.

Norske juletreprodusentar melder årleg inn kor mange juletre dei har hogd og selt og bruttoverdien av desse til virkesdatabasen (VSOP) som gir oss dei offisielle tala for juletreproduksjon i Noreg. Databasen er eit viktig verktøy for å utforme politikk som kan støtte opp om juletrenæring.

Rogaland med betydeleg marknadsandel

Statistikken frå 2020 visar at det blei selt 75 000 juletre som var produsert og hogd hjå 27 lokale juletreprodusentar i Rogaland. Innmeldt bruttoverdi var på 12,5 millionar kroner. For heile Noreg blei det hogd og selt 160 000 juletre, og Rogaland står dermed for 47 prosent av norsk produksjon.

Tal juletre meldt inn til VSOP i Rogaland og Noreg 1997-2020. Kjelde VSOP.
Tal juletre meldt inn til VSOP i Rogaland og Noreg 1997-2020. Kjelde VSOP. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Statistikk med svakheiter 

Men det er noko som ikkje stemmer heilt med tala, for det blir hogd og selt meir enn 160 000 juletre i Noreg kvart år. Eit rimeleg estimat er at det blir selt rundt 1 million juletre totalt om ein ikkje reknar med juletre av plast. Årleg import av ekte juletre har dei siste 10 åra vore omkring 300 000 (SSB). Om ein tek utgangspunkt i desse tala er det då ein differanse på mange hundre tusen juletre hogd i Noreg som ikkje synest i statistikken frå VSOP.  

Ein kan sjå av grafen at det i enkelte periodar er meldt inn langt høgare tal for Rogaland. Dette gir stort utslag på dei nasjonale tala for juletrehogst, og i toppåret 2010 kom 74 prosent av dei innmeldte trea frå Rogaland. Kva den verkelege markedsandelen er vanskeleg å estimere då det fordrar at all hogst av tre både i Rogaland og nasjonalt blir meldt inn.

Kan styrke juletrenæringa

Det er fleire grunnar til at ikkje alle tre blir meldt inn og at statistikken dermed avviker frå verkelegheita. Det jobbast på fleire hald med å gjere endringar som aukar rapporteringa, mellom anna har Landbruksdirektoratet forenkla det digitale skjemaet som brukast under rapporteringa. Statsforvaltaren i Rogaland ynskjer å halde fokus på temaet framover då statistikken er viktig verktøy for næringa og forvaltinga. 

For det er mange gode grunnar til å melde inn til VSOP:

  1. Det synleggjer lønsemda, verdiskapinga og arbeidsstadene i næringa.
  2. Det synleggjer Rogaland si rolle i juletreproduksjonen nasjonalt.
  3. Det gir oversikt over utviklingstrekk i næringa som antal produsentar og produksjon over tid.
  4. Næringa får talgrunnlag til bruk i søknadar om midlar til rekruttering, utvikling og innovasjon.
  5. Det dokumenterer om økonomiske verkemidlar for å bygge opp under næringa er utforma riktig.
  6. Det gir mulighet for auka kunnskap om norsk juletrenæring i befolkninga.
  7. Fleire produsentar blir bevisst den økonomiske fordelen med å bruke skogfondet.
  8. Næringa framstår som seriøs.
  9. Produsentane er pålagt å rapportere etter regelverket om skogfond.

Du finn meir om reglar for rapportering i denne nettsaka frå januar 2021 og på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.