Aktiv bruk av skogbruksplanen gir betre økonomi for deg som skogeigar

Flyfoto Rogaland 2013 (Temakart Rogaland) og same areal med skogbrukplandata (Allma).
Flyfoto Rogaland 2013 (Temakart Rogaland) og same areal med skogbrukplandata (Allma).

Skogbruksplanen er ein reiskap for økonomisk og berekraftig utnytting av skogressursane for den enkelte skogeigar. Men, undersøkingar visar at store delar av hogstarealet blir hogd tidlegare enn anbefalt i skogbruksplanane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.12.2020

Eigedomstilpassa rettesnor for gode avgjeringar

Skogbruksplanen er skogeigaren sitt verktøy for å gjere gode prioriteringar i skogen. Planen gir ei oversikt over alderen på alle skogbestanda, kor mykje tømmer som står der og viktige miljøverdiar på eigedomen. I tillegg får skogeigaren ei tilråding over kva tiltak som bør gjennomførast i bestanda, deriblant kva tid skogen er moden for hogst basert på økonomi- og berekraftprinsipper.

I 2019 gjennomførte Isabelle Klein analysen «Skogbruksplan som styringsverktøy for hogst» for Fylkesmannen i Rogaland. Analysen var ein del av hennar bachelorgrad i skogfag ved University of Applied Science i Tyskland.

Ved å samanlikna faktisk hogsttidspunkt med føreslått hogsttidspunkt i skogbruksplanen har Klein kunne seie noko om i kor stor grad skogbruksplanen blir nytta som verktøy når skogeigar tar avgjera om å hogge granskog. Analysen blei gjort i fem kommunar med skogbruksplanar frå midten av 2000-talet -  Hjelmeland, Lund, Sokndal, Eigersund og Bjerkreim. Klein nytta skogbruksplandata, hogststatistikk og flyfoto for å gjere samanlikninga, og resultata er samanstilt i tre rapportar.

Tabell 1: Samanstilling av resultata frå undersøkingane av bruken av skogbruksplanen i Hjelmeland, Lund, Bjerkreim, Eigersund og Sokndal kommune.
Tabell 1: Samanstilling av resultata frå undersøkingane av bruken av skogbruksplanen i Hjelmeland, Lund, Bjerkreim, Eigersund og Sokndal kommune.

Stor økonomisk gevinst ved å vente med hogsten

Undersøkingane til Klein visar at i gjennomsnitt blir 80 prosent av hogstane i dei fem kommunane gjennomført mange år før tidspunktet som er føreslått i skogbruksplanen til skogeigaren (tabell 1). Tidspunkta avviker med opptil 20 år, men varierar mellom kommunane og med bonitet. Klein trekk slutninga at planen i liten grad blir brukt som rettesnor sjølv om den er basert på nøytral kunnskap og faglege råd om korleis få god økonomi og berekraft i skogen på eigedomen.

Skogen veks aller best i sine eldre år, og det er her skogeigaren kan hente ut den store gevinsten økonomisk. Gjennomsnittleg tilvekst i hogstklasse 5 (60-70 år), er høgare enn i den yngre hogstklasse 4 (40-50 år). Respektive 2 m3/da for hogstklasse 5 og 1,9 m3/da for hogstklasse 4.

Som skogeigar har ein difor mykje å vinne på å la skogen stå til den er godt ute i hogstklasse 5. Ved å vente til med å hogge ein 45 år gammal skog til den rundar 65 år, vil skogeigar vinne 40 m3/da. I mange tilfelle vil dette vere ei dobling av tømmervolumet og potensiell inntekt. I tillegg vil meir av tømmeret kunne nyttast til bygningsmateriale og lagre karbon over lang tid. Å vente vil dermed vere godt for lommeboka til skogeigaren, men også verdiskapinga og karbonfangsten knytt til skog.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.