Presenterte idear om ny skogindustri på Vestlandet

Under eit inspirasjonsmøte om trebruk 20. april fekk skogbruket i Rogaland høyre om nyskapande planer for skog- og treindustri på Vestlandet.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.05.2017

Rogaland Skognæringsforum og Fylkesmannen i Rogaland arrangerte ope seminar om trebruk i samband med forumet sitt årsmøte. Her møtte om lag 30 interesserte, som fekk ei oppdatering på nyheiter frå skog- og trenæringa på Vestlandet. 

Flytande sagbruk?

Mest nyskapande var kanskje planane til Henrik Falck frå Tschudi Blue Forest, eit dotterselskap av Tschudi Shipping Company AS. Dei ønsker å bygge eit nytt, flytande sagbruk som både skal skjære tømmer og foredle biprodukta på samme plass.

Falck kunne fortelje at planen er å kombinere sagbruk og bioraffinering (ekstrahering av sukker frå tremasse) på eit fabrikkskip lokalisert på Vestlandet. Bruk av skip som industritomt gir stor fleksibilitet i plassering, og høve til å nytte nettverket av tømmerbåtar som i dag transporterer mykje av vestlandstømmeret ut av landet.

Les meir om planane hos Kystskogbruket

Forsking på innandørs bruk av tre

Vidare på seminaret fekk forsamlinga høyre om ny forsking på innandørs trebruk i bygg, gjennom Wood2New-prosjektet til Treteknisk Institutt. Kristian Bysheim kunne fortelje at tre kan ha positive effektar på innemiljøet i bygg. Døme på desse er god fukt- og varmeregulering, lågt energiforbruk, auka trivsel o.a. Forskingsprosjektet arbeider med å talfeste og dokumentere desse eigenskapane.

Bioenergi-optimisme i Rogaland

Skognæringa ser også positivt på ein veksande marknad for kjøp og sal av skogsflis i fylket. Karl Ludvig Ådland frå Nærenergi AS ga ei statusoppdatering på flisbaserte biobrenselanlegg i fylket. Vi har no 21 større flisanlegg som er i drift, eller som vil bli driftssett i løpet av 2017. Dette svarer til eit årleg salsvolum på 28 GWh, eller 17 000 fastkubikkmeter tømmer. I tillegg til dette kjem mindre gardsvarmeanlegg. Det er mykje som skjer her, og store potensial for vidare utvikling, konkluderte Ådland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.