Bernt Terje Høyland og Laurits Stokkeland fekk landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2025
Prisen får dei for arbeidet og innsatsen dei har gjort på vegner av bøndene langs Sørlandsbanen. Høyland og Stokkeland har sidan 2019 stått i fronten i gjerdepliktsaka som blei endeleg avgjort i Høyesterett 25. november 2025.
Den 25. november 2025 kunne 153 grunneigarar konstatere at Bane Nor har gjerdeplikt, og må ta ansvaret for hald av gjerde mot jernbanen. Eit langt og vanskeleg kapittel blei med dette avslutta.
Bernt Terje Høyland og Laurits Stokkeland har stått i bresjen for grunneigarane. Dei har motivert sine yrkesbrør og søstre til å stå løpet ut i heile tre rettsinstansar. Dei har lagt ned mykje arbeid for å reise finansiering frå ulike organisasjonar, bedrifter, kommunar og enkeltpersonar. Styret i Rogaland landbruksselskap meiner Høyland og Stokkeland har vore ei viktig drivkraft for å lukkast. Dei er verdige vinnarar av heidersprisen 2025. Arbeidet dei har gjort har vore viktig for alle som har beitedyr langs jernbanen, og gir betre dyrevelferd.
Vi gratulerer Bernt Terje Høyland og Laurits Stokkeland med heidersprisen!
Om Heidersprisen
Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris. Denne skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket, fortrinnsvis aktive bønder som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente.
Ved vurdering av kandidatane blir det lagt vekt på kriteria nedanfor:
- har profilert landbruket på ein positiv måte mot resten av samfunnet
- har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Rogaland
- har vore ei drivkraft i utvikling av ei levedyktig bygd og/eller eit grannelag
- er eit føredøme i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet
- har profilert og i praksis gjennomført jordbruksdrifta si med høg miljøstandard, og har hatt fokus på etikk i fjøs og/eller gris-/fjørfehus
- har hjelpt ein yrkesbror eller syster gjennom ein vanskeleg periode
- har utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust
Sjølve prisen
Heidersprisen er Rogaland landbruksselskap sin diplom laga av Rita Aase Austvoll og eit kunstverk laga av Lise Birkeland.
Om rettssaka
Rettsaka er omtalt av NRK 25. november 2025: