Viktig beredskapsmøte om tørkesituasjonen

Brukbar 1. slått, men tørke kan gi reduserte avlingar om ikkje regnet kjem. Bildet er frå tørkeåret 2018. Foto: Sissel C. Endresen / Statsforvaltaren i Rogaland

Møtet med jordbruksnæringa 15. juni gav deltakarane viktig informasjon om stoda og kva beredskap og utfordringar næringa har dersom situasjonen skulle bli svært kritisk. I Rogaland er 95 % av jordbruksarealet gras, og om lag 47 % av arealet er innmarksbeite.

Publisert 20.06.2023

Det var Statsforvaltaren i Rogaland som inviterte jordbruksnæringane til eit informasjonsmøte på teams, torsdag 15. juni. Dei 45 deltakarane representerte Norsk landbruksrådgiving, meieria (Q og TINE), slakteria (Nortura, Prima og Fatland), fôrbransjen (Felleskjøpet Rogaland Agder og Fiskå Mølle), kommunane (ved Hå og Eigersund), faglaga, Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Statsforvaltaren.

Dagsorden for møtet

  1. Status og aktuelle strategiar på gardsnivå v/ Ole Arnfinn Røysland Fitjar, NLR Rogaland
  2. Kraftfôrblandingar når grasavlingane svikter;
    • Torgeir Erfjord, Felleskjøpet Rogaland Agder
    • Astrid Tunheim og Eirik Ur, Fiskå Mølle
  3. Slakteria og meieria; refleksjonar om stoa og ev konsekvensar og tiltak dersom situasjonen forverrast
  4. Tilskudd ved produksjonssvikt v/Nono Dimby, Statsforvaltaren i Rogaland
  5. Kan gå på helsa laus….v/ Arnfinn Særheim, NLR Rogaland (HMS)
  6. Beredskap utover sommaren; kva gjer vi dersom vi får en svært krevjande situasjon i Rogaland.
  7. Eventuelt

Varierande situasjon i fylket

Rogaland er eit variert jordbruksfylke og situasjonen for bøndene er ulik. Det er ikkje tvil om at ein god del bønder no er i en krevjande situasjon. Kan hende spesielt for dei med mykje innmarksbeite. Det er særleg i Dalane og på Jæren at bøndene begynner å merke tørka.

Situasjonen i Rogaland er ulik den vi hadde i 2018. Mellom anna har mange i år tatt ein god 1.slått. Ein slått som normalt utgjer 50 % av årsavlinga. Vidare har mange bønder noko grovfôr frå tidlegare år. Men stoda for innmarksbeita er kritisk allereie i dag. Innmarksbeita er ofte kuppert terreng med grunn jord der det ikkje er mogleg å vatne. Når beita svikter, må dyra inn på fulldyrka jord, noko som reduserer avlinga på eventuelt seinare slått. Har ein ikkje godt nok beite så må dyra tilleggsfôrast.

Næringa er betre førebudd

Dersom tørkesituasjonen skulle bli mykje verre, er næringa betre førebudde enn i 2018. Mellom anna har kraftfôrbransjen beredskap i høve til å kunne lage kraftfôrblandingar tilpassa mindre grovfôropptak. Vidare er det god tilgang på såfrø, og det er planar for eventuell import av grovfôr (strukturfôr som t.d. frøhøy).

Jordbruksnæringa i Rogaland er gode til å samarbeide om felles utfordringar, og dette møtet var eit døme på det.

 

Då ber vi berre om godt med regn!

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.