Store frukt- og bæravlingar i 2021

Frukt- og bærprodusentane er godt nøgde med avlingane i 2021, men det har vore eit år med mykje uvisse, bekymring og stress for å få tak i nok arbeidshjelp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.10.2021

Rekordavling av eple

Ryfylkefrukt SA tar imot det aller meste av frukt som blir produsert i Rogaland, og i følgje dagleg leiar Svein Hia er det rekordavling for eple. Dei forventar å ta i mot 550 tonn eple, 30 tonn pære, 20 tonn plommer. 20 tonn morellar er allereie motteke. I fjor var avlingane dårlege på grunn av angrep av rognebærmøll på eple, og plommene fekk frost under bløminga. Det har vore ein jamn auke i epleproduksjonen sidan oppstarten av Ryfylkefrukt SA. I 2017 blei det levert 147 tonn eple og pærer. Avlingsprognosane i ein femårsperiode framover er 1200 tonn eple og 100 tonn morellar.

Sommaren har vore god og varm og har gitt god kvalitet på jordbær og bringebær. Bærprodusentane i Rogaland melder at avlingsmengdene er om lag som åra før.

Harde tak for bærprodusentane

Jordbærprodusent Helge Gjerde frå Jelsa i Suldal kommune har 30 dekar med jordbær i tunnel. Han seier at det alltid er utfordringar, kvart år. Siste to år er det pandemien og karantenereglar for innleigd arbeidskraft som har skapt hovudbry. – Det var harde tak i juni, men eg fekk inn til landet dei viktigaste folka og haustinga gjekk greitt, seier Helge Gjerde.

Kjetil Sola frå Sola driv med 25 dekar jordbær og 7,5 dekar bringebær i tunnel. Han seier at det var eit mareritt i vår, mykje att og fram med reglar for innreise, men så gjekk det betre utover i sesongen.

– I eit normalår har eg 20 arbeidarar frå Polen. I fjor hadde eg 13, og i år 11 personar frå Polen. Kjetil Sola held fram at det blir berre verre og verre å få tak i arbeidsfolk. Summen av fleire negative saker som til dømes innreisereglar, arbeidstidsreglementet, auka skatt for arbeidarane og mediaoppslag gjer det vanskelegare å drive, og gjer det mindre attraktivt å jobbe i Noreg. Arbeidarar frå Polen tek seg heller arbeid i Tyskland og Nederland.

Svein Hia i Ryfylkefrukt SA melder at det har vore ekstra utfordrande i år med å få tak i plukkarar, noko som har skapt unødig stress og bekymring. Så langt er det morelldyrkarane som har fått kjenne på dette mest. Det ser ikkje ut til at mangelen på plukkarar har ført til store, negative konsekvensar. Berre små mengder morellar er blitt kasta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.