Stor etterspørsel, men låg norsk produksjon av hageblåbær

Hageblåbær
Hageblåbær Foto: Arne J. Lyshol / Statsforvaltaren i Rogaland.

- Tenk langsiktig, ver tolmodig og sats så det svir! Det var nokon av råda deltakarane fekk høyre av blåbærprodusenten Lars Kjetil Flesland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.08.2021

Lars Kjetil Flesland arbeider som rådgivar i Norsk landbruksrådgiving og har 1 dekar (1000 m2) med hageblåbær heime på garden i Etne. Han haustar om lag 500 kg i året frå slutten av juli til godt ut i september.

Potensial for auka norsk produksjon

Internasjonalt er hageblåbær eit av bærslaga som aukar mest i areal og avling i alle dei viktige dyrkingsområda. I USA er hageblåbær no det viktigaste bærslaget nest etter jordbær. I Noreg er det fire kommersielle produsentar av hageblåbær som leverer til Gartnerhallen og dei leverer i eit normalår om lag 9 tonn blåbær. For å sette dette i perspektiv så selde BAMA 3650 tonn blåbær i 2020. Pris ut i butikk er 160 kr pr kg for norsk vare og 70 - 80 kr pr kg for importert vare.

Planlegging og strategi er viktig

For å lukkast må ein kjenne kunden og betalingsviljen i marknaden. Kven er kundane, og kor og korleis skal varene leverast? Er det daglegvarehandelen som er hovudmottakar, eller er det direktesal via gardsutsal, REKO-ring eller sjølvplukk? Kor stor skal satsinga vere, kor stor skal familien sin arbeidsinnsatsen vere, er det behov for innleigd hjelp, og kor stort areal må til for å ha eit godt utkomme?

Det tar tid frå førebuing til hausting, og til inntektene kjem. Førebuing av feltet tar eitt til to år, nye to år frå planting til avling og det tar ti år før buskane er i full produksjon. Derfor er det viktig med tolmod. Har du først fått dei til, så har du dei lenge for buskane kan bli tjue år gamle.

Det er kostbart å investere i hageblåbær og det tar fleire år før innteninga kjem. Derfor er det viktig å starte riktig med kultiveringa og søke rådgjeving. Det er vesentleg at feltet ikkje er utsett for sterk vind, gode solforhold, unngå kuldegroper, og det må vere tilgang til vatning. Jorda må gjerast klar og det er særs viktig å få vekk ugraset og få ned pH i jorda til under 5,5 FØR planting. Før planting er det lurt å blande inn sagflis og bark for å få ei luftig og sur nok jord.

Utfordringa er at mange blåbærfelt er for små, og ettersom det tar lang tid frå planting til hausting, så er det lett å gløyme dei av. Og da tar ugraset over. Held du ugraset unna er mykje gjort, fordi det er lite sjukdommar og skadedyr på buskane. Helst bør du legge blåbærfeltet slik at du må gå forbi det kvar dag, for då må du følgje med det heile tida.

Kort om produksjonen

Buskane blir planta på drill som er 30 cm høg og 1 meter brei. Radavstanden er 3 meter og planteavstand 1,5 – 2,9 meter. Noko arbeid med ugrasbekjemping, klipping og forming må reknast med. Hovudsorten er Bluecrop, men Toro gjere det og godt. I full produksjon blir buskane hausta kvar 14. dag og direkte i korga. Avling varierer frå 400 kg/daa til 1000 kg/daa. Plukkekapasiteten er på 4 – 5 kg/time. Innkjøp av planter 330 planter/daa og 40 kr/plante gir om lag 12 - 15 000 kr/daa.

Inntening

Har du høg nok avling, så får du god inntening. Det set krav til rett jord- og plantekultur for å oppnå jamt felt pluss effektiv hausting. Vurderer du bærproduksjon, ta kontakt med Innovasjon Norge Rogaland for å få diskutert om det er mogleg med investeringsstøtte.

Les meir om hageblåbær på heimesidene til Norsk landbruksrådgiving.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.