Enga etter vinteren – har ho klart seg?
Ein grov tommelfingerregel for mange bønder er å spreie husdyrgjødsla før påske. Låge temperaturar, mykje nedbør og vassjuk innmark i vekene før påske gav ei forsinka våronn fleire stader i Rogaland samanlikna med tidlegare år.
Publisert 08.04.2026
Våronna på enkelte gardar med husdyr starta likevel med spreiing av husdyrgjødsel på innmarksbeite i midten av mars. I dagane framover vil utkøyring av husdyrgjødsel på innmarksareal for alvor setja sitt luktpreg på fylket. Dei låge og kystnære områda startar nok først og etterfølgt av gardsbruk i høgareliggjande strøk og lenger inn i fylket.
For glisne engareal vil direktesåing i aukande grad bli føretrekt framfor tradisjonell full fornying. Effekten av direktesåinga vil da i første rekke visast på 2. slåtten.
Har vinteren vore streng og slåttearealet blitt glissent, kan du melde frå om mogleg produksjonssvikt i Altinn. Deretter kan du vurdere om grovfôravlinga i vekstsesongen 2026 blir så låg at du søkjer tilskot ved produksjonssvikt innan 31. oktober.