Meir restar av plantevernmiddel i importerte agurkar og tomatar

Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Grovt rekna er to av tre agurkar og tomatar me har spist så langt i år blitt produsert i Norge. Det blir funne vesentleg meir restar av plantevernmiddel i importerte tomatar og agurkar enn i norskprodusert vare.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.12.2021

Tal frå Grøntprodusentenes samarbeidsråd (GPS) viser at 65 prosent av kiloa med tomat seld til og med september i år, var norskproduserte. I same periode var 70 prosent av kilo seld agurk norskprodusert. Framleis er det norske tomatar og agurkar å få i butikkane, men for ein del produsentar er sesongen over. Framover blir det meir importvare å sjå i butikkane. 

Økologisk Norge sin kampanje "Skitten Nitten" 

Du har kanskje fått med deg Økologisk Norge sin kampanje "Skitten Nitten", som listar opp dei fruktene og grønsakene der det blir funne mest restar av plantevernmiddel. Både tomat og slangeagurk er blant produkta som i følge Økologisk Norge inneheld mest restar av plantevernmiddel. Kampanjen har fått ein del kritikk, blant anna frå Norsk Gartnarforbund. Noko av kritikken mot kampanjen har vore at det ikke skiljast mellom norsk og importert frukt og grønt.

Meir restar av plantevernmiddel i importert vare

Mattilsynet tar kvart år ei rekke prøvar av frukt og grønt for å undersøka om det er ulovlege restar av plantevernmiddel i produkta. Resultata frå dette kartleggingsprogrammet finn du her.

Prosjektleiar for kartleggingsprogrammet til Mattilsynet, Hanne Marit Gran, er klar på at det er meir restar av plantevernmiddel i importert frukt og grønt enn i norskprodusert. Statsforvaltaren i Rogaland har laga ein oversikt av testresultata frå dei siste tre åra når det gjeld agurk og tomat: 

 

imagetsry6.png

 

Restar av plantevernmiddel - likevel trygg mat

Alle plantevernmiddel har ein grenseverdi, og denne verdien seier kva som er det høgaste nivået av tillatne restar av plantevernmiddelet i produktet. Spesifikke grenseverdiar settast for ulike plantevernmiddel og ulike produkt, og settast med store sikkerheitsmarginar ut frå moglege helseeffektar. Mattilsynet testar for om lag 330 stoff i alle prøvane tatt ut, og alle resultat over deteksjonsgrensa for analysemetodane vil koma med på lista over funn av restar av plantevernmiddel. I dei tilfella der det blei funne restar av plantevernmidlar i frukt og grønt i 2020, låg 75 prosent av funna på eit nivå som var lågare enn 10 prosent av grenseverdien. 

Mattilsynet lagar kvart år ein omfattande rapport over resultata i overvåkingsprogrammet for restar av plantevernmiddel i næringsmiddel. I tillegg til sjølve resultata, inneheld rapportane mellom anna mykje god informasjon om korleis testane blir gjort og korleis grenseverdiane blir sett. Rapporten med resultata frå 2020 finn du her

 

  

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.