Pærebrann funne på epletre i Strand

Plantesjukdommen er for fyrste gong funne i kommersiell fruktproduksjon i Noreg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.07.2020

Mattilsynet melder at det er funne pærebrann i eit nyplanta felt med eple i Strand kommune. 

Pærebrann er ein bakteriesjukdom som angrip eple- og pæretre, i tillegg til ei rekke prydplanter. Sjukdommen gjer stor skade i epleproduksjonen i mange land. Pærebrann blei fyrst funne i Noreg på 80-talet, og smitte er funne i ei rekke kommunar på Vest- og Sørlandet - hovudsakelig på mispelartar. Det er brukt mykje ressursar på å bekjempa plantesjukdommen, og planter av dei mest utsette mispelartane har blitt fjerna for å hindra at smitte skal spreia seg til kommersiell fruktproduksjon. Strand kommunen ligg i det Mattilsynet no definerer som "pærebrannsona" - område der sjukdommen blir sett på som etablert og berre unnataksvis blir bekjempa.  

Feltet med epletre der pærebrannsmitte blei funne, blei i følge Mattilsynet planta hausten 2019 og våren 2020 med planter importert frå Nederland. Mattilsynet kan ikkje sei om smitten kom med dei importerte plantene, eller om det har kome inn smitte i feltet frå områda rundt. Les meir om saka på Mattilsynet sine nettsider.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.