Offentleg erstatning dekker berre delar av tapet etter skadegjerarar i plantekulturar

Dersom Mattilsynet gjer pålegg om å destruera planter etter funn av ein alvorleg skadegjerar, kan den offentlege erstatningsordninga dekka delar av det økonomiske tapet. Men den offentlege erstatningsordninga dekker ikkje det tapet ei privat forsikringsordning kunne dekt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.07.2019

Dersom du får ein alvorleg skadegjerar i plantekulturen din, kan Mattilsynet fatta vedtak om at du må gjere tiltak som kan hindra at skadegjeraren spreier seg. Naudsynte tiltak kan til dømes vera å destruera planter, fjerne jord eller anna vekstmedium, og sanera bygg og utstyr. Mattilsynet kan fatta slike vedtak både i frilandskulturar, i veksthus og i planteskular. Slike vedtak frå Mattilsynet kan føra til store økonomiske tap for verksemda. Me har difor ei offentleg erstatningsordning som skal redusera belastninga i slike tilfelle.

Viktig å vurdera privat forsikring

Regelverket slår fast at dersom søkar har eller kunne hatt privat forsikring som heilt eller delvis overlappar dei tapa som kan dekkast av den offentlege erstatningsordninga, skal forsikringsutbetalinga trekkast frå ved berekning av erstatning. Det speler altså ikkje noko rolle om du faktisk har teikna ei slik forsikring! Dersom det finnes ei forsikringsordning på marknaden, kan utbetalinga du kunne ha fått dersom du hadde hatt denne forsikringa bli trekt frå før offentleg erstatning bereknast.

Det er difor viktig å få oversikt over om, og kva slags, forsikringsordningar som finnes for di type verksemd. Det er opp til verksemda å vurdera om ei slik forsikring skal teiknast, men det er viktig å vera klar over at den offentlege erstatningsordninga ikkje vil dekka meir dersom du vel vekk ei slik forsikring. Vel du å ikkje ha ei privat forsikring for pålegg frå Mattilsynet ved funn av alvorlege skadegjerarar i planteproduksjonen, kan resultatet bli at du må ta ein vesentleg større del av tapet på eiga kappe.


Flest erstatningssaker i veksthus og planteskular i Rogaland

Privat forsikring mot tap etter pålegg frå Mattilsynet ved funn av skadegjerarar finnes for både frukt- og bærkulturar, andre frilandskulturar, planteskular og veksthus. I Rogaland har dei fleste erstatningssakene dei siste åra vore i kjølvatnet av skadegjerarar i veksthus eller i planteskular. For denne type bedrifter er det ikkje mange private forsikringsaktørar å velje mellom. Faglaga har forsikringsavtaler for medlemane, og det er mogleg å kontakta dei for å høyre kva slags forsikringsordningar som er omfatta av avtala.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner