Landbruket sin heiderspris til Stian Espedal

Statsråd Olaug Vervik Bollestad delte i dag ut landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2019 til Stian Espedal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.09.2020

Stian Espedal har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan vente. Han har profilert landbruket på ein god måte og arbeidd for vidareutvikling av bygdene og kulturlandskapet i Rogaland, og har også har bidratt til utvikling av nye produkt og tenester som gjer landbruket meir robust.

Ville, og fekk det til

Stian Espedal fant det som motiverte han mest. Han driv ikkje sjølv gard, men bør nok likevel sjås på som ein forrektige bonde. Stian skulle bli bonde, gjekk på jordbruksskulen, men blei nok litt skolelei, og blei avløysar i staden. Begynte i Nortura med sommerjobb i 1995 og begynte fast der i 1997. Tok fagbrev og arbeidde seg opp til bas på slakteriet rimeleg raskt. Arbeidde 18 år i slaktehallen. Nortura «såg» han og fekk han over som tilførselsmedarbeidar og rådgivar på sau.

Så har det balla på seg. Kursing av andre i slakting og skjæring. I Rogaland og andre deler av landet. Har gitt ut boka «slakting & skjæring, for storfe, gris, sau og vilt». Ein bestseljar på 220 sider til den nette sum av kr 1,6 per side. Boka er også relevant for generelt matinteresserte, då du her også får god rettleiing innan vidareforedling.

Beitenæringane er viktige

Espedal brenn voldsomt for beitenæringane. «Å driva med sau på utmarksbeite er verdens finaste kjøttproduksjon». Og som sentral person i NM for sauaklypping og ullhandtering på Varhaug oktober 2019, var han også i NRK Radio med den klare meldinga «Sauen er god for klimaet». Ingen tvil der!

Utanom familien har nok vinnaren berre ei interesse; landbruket. Truleg den einaste lokallagsleiar i Sau & Geit som ikkje sjølv har sau. Stian er eit godt bevis på at «berre du vil nok, og let indre motivasjon styra, så går det bra…….».

Heidersprisen er Rogaland landbruksselskap sin diplom laga av Rita Aase Austvoll og eit kunstverk laga av Lise Birkeland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.