Jordbær i sterk verdivekst
Snart er det 17. mai, og jordbær høyrer med. Vi er eit jordbærelskande land, og sjølv om forbruket er stabilt, aukar verdien kraftig.
Forbruket av jordbær i daglegvaremarknaden har halde seg jamt dei siste åra, men omsetninga har auka betydeleg. På fire år har verdien stige med 40 prosent – frå 847 millionar kroner i 2021 til 1 192 millionar kroner i 2025.
Tala er henta frå Frukt- og grøntstatistikk 2025.
Produksjon i Noreg
I 2025 leverte norske jordbærprodusentar 4 800 tonn jordbær til daglegvarehandelen. Ser vi bort frå koronåra 2020 og 2021, har leveransane dei siste ti åra lege på mellom 4 600 og 6 000 tonn årleg.
Ifølgje Norske Bær – Norges bærdyrkerlag er den totale jordbærproduksjonen i Noreg på om lag 8 000 tonn per år, fordelt på rundt 250 produsentar.
67 prosent import
Det totale forbruket av jordbær i daglegvare i 2025 var 14 500 tonn. Det betyr at om lag 9 700 tonn – tilsvarande 67 prosent – vart importert. Hovudleverandørane er Nederland, Belgia og Spania.
Før koronapandemien låg forbruket jamt på rundt 15 000 tonn årleg.
Produksjon i Rogaland
Jordbærarealet er om lag 300-400 dekar som gir om lag 300 tonn jordbær pr år.
Også i år er jordbærbøndene i Rogaland klare med norske jordbær til 17. mai. Joa Jordbær på Sola og Kåre Nordbø frå Finnøy er blant dei første som tilbyr dei raude og smakfulle bæra.
Stangeland jordbærbu på Sola følgjer tett etter fram mot nasjonaldagen, før fleire produsentar kjem på marknaden utover mot juni.
Jærbær har levert jordbær i fleire månader allereie da dei satsar stort på heilårsproduksjon av jordbær.
Om statistikken
Frukt- og grøntstatistikk 2025 viser utviklinga i omsetninga av frisk frukt, bær, grønsaker og potetar i Noreg. Statistikken omfattar norskproduserte varer som blir vidareseld til daglegvare og storhushaldning, samt all import av frisk frukt, bær og grønsaker. Norskproduserte råvarer som går inn i industrien, er ikkje inkludert i volumtala. Det kan og vere at ein del av produksjonen som går utanom grossistleddet ikkje er medrekna.