Høyring om straumstøtte til jordbruks- og veksthusnæringa

Statsforvaltaren ynskjer tomatproduksjon i Rogaland også i framtida.

Landbruks- og matdepartementet har lagt ut forslag om mellombels forskrift om straumstøtte til jordbruks- og veksthusnæringa på høyring.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.02.2022

Regjeringa sitt forslag til Staumpakke som blei avtalt 17. januar er nå til formell avklaring i form av forskrift, og det er gitt høve til å gi innspel til utforming av forskrift. Dette er ei hastesak, og det er difor høyringsfrist allereie 7. februar 2022.

Veksthusnæringa spesielt ramma

Jordbruksnæringa er ramma med auke i kostnader på fleire felt, noko vi har omtalt i eiga nettsak. Jordbruket i Rogaland, spesielt veksthusnæringa, er hardt ramma av høge straumprisar. Eller rettare sagt av høge energikostnader, og vi ser at næringa står føre store utfordringar. Straumpakken er eit viktig bidrag, men fleire tiltak må nok til for å hjelpe næringa gjennom dei utfordringar som vi ser.

Statsforvalteren er adressert høyringsinnstans, og vi har gitt vår uttale i brev av 03.02.22 som er vedlagt. Samstundes er det viktig at næringa sjølv gir innspel, og du finn høyringssaka her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.