Dispensasjon frå beitekrav på grunn av tørkesituasjonen

Tørkeskada beite i Eigersund kommune. Foto Morten Svanes.

Innmarksbeita i Rogaland er hardt ramma av langvarig tørke og gir lite fôr. Generell dispensasjon frå krav om fôropptak på beite er eit av fleire tiltak som er sett i verk for å avgrense konsekvensane av tørka. 

Publisert 28.06.2023

13. juni blei det kjend at fleire tiltak er sett i verk for å oppretthalde matproduksjonen, og avgrense konsekvensane av tørkesituasjonen, sjå nettsak på Landbruksdirektoratet.no . Eit sentralt tiltak for Rogaland er generell dispensasjon frå krav om fôropptak på beite ved søknad om produksjonstilskot i jordbruket. 

Innmarksbeita utgjer nesten 50 prosent av jordbruksarealet i Rogaland, og er dei areala som har blitt hardast ramma av tørka. Ved søknad om beitetilskot er det normalt krav om minst 50 prosent av fôropptaket skal vere frå beitet. Dispensasjon frå kravet gjer at bøndene kan tilleggsfôre dyra på beite utan at det får konsekvensar for tilskotet. 

Førebels sats for beitetilskot

I jordbruksoppgjeret 2023 blei det sett følgjande satsar for beitetilskot: 

imagez0kse.png

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.