Autorisasjonsordning for plantevernmiddel og gnagarmiddel

For å kjøpe og handtere plantevernmiddel, og for å kunne nedkjempe problem med gnagarar på eigen gard treng du ein autorisasjon. Statsforvaltaren skal syte for at det blir gitt kurs og eksamen i autorisasjonsordningane kvart år.

Les meir om kven som har rett på autorisasjon, autorisasjonskurs og praktisk informasjon om kurs, eksamen og bevis under. 

Kven har rett på autorisasjon?

Det er ofte mange spørsmål kring kva som skal til for å få rett til autorisasjon. Det er strengare kriteria for å få autorisasjon for gnagarar enn for plantevernmiddel. Sett deg inn i desse kriteria før du melder deg opp til kurs i ein av autorisasjonsordningane.

Plantevernmiddel

Autorisasjon for bruk av plantevernmiddel kan du få dersom du har yrkesmessig behov for å nytte plantevern i din arbeidskvardag, til dømes arbeide som anleggsgartnar, selje plantevernmiddel som tilsett på Felleskjøpet eller vere gardbrukar med aktiv drift, der du treng å blande til og spreie plantevernmiddel. For å få autorisasjon for plantevernmiddel må du vere over 18 år, ha gjennomført kurs og bestått eksamen.

Gardsdrifta di må vere aktiv og ikkje bere preg av hobbydrift. Landbrukskontoret vil vurdere om du har aktiv drift. Dei sjekkar organisasjonsnummeret ditt, om du mottek produksjonstilskot og er momspliktig. Dei vurderer også heilskapen i drifta di og om du er i ein oppbyggings- eller omstillingsfase på garden.

Dersom du driv økologisk drift og nyttar plantevernmiddel som er lov etter Forskrift for økologisk landbruk, må du også ha autorisasjonsbevis for å kunne kjøpe og bruke plantevernmiddel.

Du kan lese meir om vilkåra for å få autorisasjon i bruk av plantevernmiddel på Mattilsynet sine sider: Plantevernmiddel

Gnagarmiddel

Autorisasjon for bruk av gnagarmiddel er ein tilleggsautorisasjon som bygger på autorisasjon for plantevern. Du må difor ha godkjent autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmiddel for å ha rett til gnagarmiddelautorisasjon. Det er også strengare krav utover det å ha teke kurs og bestått eksamen. Du må eige eller leige ein gard for å få gnagarmiddelautorisasjon. Du kan til dømes ikkje vere ein av kårfolka, tilsett eller nokre av etterkommarane på garden. Dersom du ikkje kan oppfylle krava til autorisasjon, må du kjøpe saneringstenester frå eit firma som driv skadedyrkontroll.

Du kan lese meir om vilkåra for å få autorisasjon i bruk av gnagarmiddel på Mattilsynet sine sider: Gnagarmiddel

Autorisasjonskurs

Det blir gitt kurs i både autorisasjon for plantevern og tilleggsautorisasjon for gnagarmiddel i heile Rogaland fylke.

Kursarrangørar

Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland (NLR Rogaland) arrangerer kurs i autorisasjon for bruk av plantevern- og gnagarmiddel i heile fylket. Alle kursa til NLR Rogaland blir annonserte på deira heimeside:

Autorisasjonskurs i plantevernmiddel

Autorisasjonskurs for gnagermidler

Mattilsynet har også utvikla eit nettbasert kurs med eksamen  for dei som skal fornye autorisasjonsbeviset for plantevern – det kan du ta når du vil og betaling skjer direkte til Mattilsynet.

I tillegg tilbyr Øksnevad vidaregåande skule, Tveit vidaregåande skule, Vinterlandbruksskulen på Jæren og Vinterlandbruksskulen i Ryfylke kurs for sine elevar.

Praktisk informasjon

Her finn de praktisk informasjon om kurs, eksamen og bevis.

Autorisasjon for plantevern – første gong

Første gongen du søkjer autorisasjon for plantevern må du gjennomføre ein kurspakke på to delar. Ein teoretisk del og ein praktisk del der du avslutningsvis tek eksamen. For å få autorisasjon for bruk av gnagarmiddel må du gjennomføre eit teorikurs med avsluttande eksamen.

Fornying av autorisasjon

Fornying av eksamen i autorisasjon for bruk av plantevernmiddel og gnagarmiddel må du gjere innan det har gått 10 år. Ved fornying av autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmiddel, treng du berre å gjennomføre teoridelen. Det kan likevel vere god repetisjon å gjennomføre både teoretisk og praktisk del. Autorisasjon for bruk av plantevernmiddel kan som eit alternativ fornyast ved kurs og eksamen på nett (Mattilsynet.no).

Når kjem beviset etter eksamen?

Det tek om lag 6-8 veker frå du tek eksamen til du får beviset i posten. Det skjer dersom du står på eksamen, og kommunen har godkjent din rett til å få autorisasjon. Stryk du på eksamen får du beskjed frå Statsforvaltaren per brev når eksamen er retta. Du kan be om å ta eksamen på nytt gjennom landbrukskontoret i din bustadkommune.       

Midlertidig autorisasjonsbevis

Har du mista autorisasjonsbeviset, kan kommunen bestille eit duplikat eller skrive ut eit midlertidig autorisasjonsbevis for deg. Du kan også be om eit midlertidig bevis dersom du treng det før du har fått originalbeviset i posten.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.