Statens vegvesen ber gardbrukarar fjerne rundballar langs offentleg veg

Gardbrukarar er av Statens Vegvesen bedne om å flytte rundballar og andre gjenstandar som ligg langs offentleg veg innan 1. juni 2017, slik at dei er plassert utanfor sikkerheitssona.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.05.2017

Trafikkfare

Det å køyre inn i rundballar er som å køyre inn i ein bergvegg. Statens vegvesen sine ulukkesrapportar viser at rundballar lagra langs vegen kan gjere ei utforkøyringsulukke til ei dødsulukke. Frå 01.06.2017 startar Statens vegvesen eit systematisk arbeid med å fjerne trafikkfarleg utstyr som er plassert innanfor sikkerheitssona.

Regelverk

Lagring av utstyr langs veg er regulert etter veglova. Dersom Statens vegvesen vurderer lagring av til dømes rundballar langs riks- eller fylkesveg som trafikkfarleg kan dei pålegge eigar å fjerne dei.

Meir informasjon finn du i skriv frå Statens vegvesen

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.