Massefyllingar i jordbruksområde og søknadsplikt etter plan- og bygningslova

Regelverket for kva tid søknadsplikta slår inn, er dels basert på skjønnsmessige kriterium og vurderinga vil kunne slå ulikt ut avhengig av kva type område som skal fyllast. Her kjem nokre generelle føringar knytt til søknadsplikt for fyllingar i jordbruksområde.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.10.2017

Plan- og bygningslova (pbl) §20-1 viser kva tiltak som krev søknad og løyve etter dette lovverket. I bokstav k) er det slått fast søknadsplikt for «vesentlig terrenginngrep». Lovteksten indikerer ein viss terskel for at eit terrenginngrep skal vere søknadspliktig, men gir ikkje særleg rettleiing utover dette.

Ikkje søknadsplikt for mindre fylling

I Byggesakforskrifta (SAK 10) er det lista opp tiltak som ikkje krev søknad og løyve etter pbl. Unntak frå søknadsplikt gjeld mellom anna for «mindre fylling eller planering av terreng. Tiltaket må uansett ikkje føre til mer enn 3,0 m avvik fra opprinnelig terrengnivå i spredtbygd strøk... », jf. § 4-1, bokstav e) nr. 7. Bruken av ordet uansett i føresegna betyr at ei høgd på 3 meter sett ei øvre grense for når kommunen kan vurdere unntak frå søknadsplikt.

Tiltak under 3 meter kan også vere søknadspliktige

Forskrifta gir derimot ikkje grunnlag for å slå fast at fyllingar under 3 meter aldri er søknadspliktige. Avgjerande er derimot om fyllinga etter ei totalvurdering av høgd og utstrekning kan reknast som ei mindre fylling. Vurderinga må også gjerast i lys av kva landskaps- og naturverdiar som finst i det aktuelle området. I viktige naturområde kan elles bagatellmessige inngrep vere vesentlege. Plan- og bygningslovsvurderinga er slik sett ikkje bare ei kvantitativ, men også ei kvalitativ vurdering.

Eit tiltak der terrenget blir endra lite i høgda, kan samstundes vere så stort i utstrekning at prosjektet ikkje kan reknast som ei mindre fylling. Den aktuelle forskrifta sett inga maksimal øvre grense for geografisk utstrekning på mindre fyllingar. Unntaket frå søknadsplikt kan likevel bare gjelde fyllingar opp til ein viss storleik, jf. omgrepet mindre fylling. Ei føring med øvre grense på 1 dekar har ei viss støtte i etablert forvaltningspraksis og harmonerer også godt med definisjonen av bakkeplanering i forureiningsforskrifta. Ei slik føring verkar også rimeleg. Garden er bonden sitt arbeidsområde og han/ho skal ha eit visst handlingsrom for mindre jordflyttingar på eigedomen utan at det utløyser krav om søknad etter pbl. Større fyllingar må derimot bli fanga opp av søknadsplikta slik at ønsket om fylling kan vurderast opp mot andre aktuelle interesser i området, som omsyn til natur, landskap, naboar og anna.

Dispensasjon

Dersom landbruksareal blir sett ut av drift for kortare eller lengre tid, vil tiltaket vere i konflikt med LNF-føremålet. Søknadspliktige fyllingar krev derfor som regel også dispensasjon frå kommuneplanen. For at vilkåra for dispensasjon i pbl. § 19-2 skal vere innfridde, bør tiltaket samla sett gi ein langsiktig gevinst for landbruket. Det betyr at fyllinga bør bety ei langsiktig auke av området sin verdi som landbruksareal

Krav om behandling etter sektorlovverk

Vi vil presisere at plan- og bygningslovsbehandling ikkje fritar frå krav om behandling etter aktuelle sektorlovverk. Omsyna som plan- og bygningslova og jordlova (inkludert nydyrkingsforskrifta) skal ivareta er til dels forskjellige. Pbl.-vurderinga av massefyllingar vil naturleg omfatte konsekvensar knytt til terrenginngrepet inkl. omsyn til natur, landskap, naboar og anna. Meir agronomiske forhold knytt til drenering, grøfting og anna vil naturleg høyre inn under vurderinga etter nydyrkingsforskrifta. Dersom massefyllinga med tilbakeføring til landbruk ikkje inkluderer nydyrking, vil slike agronomiske forhold kunne bli handtert etter jordlova § 9.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.