240 søknader om erstatning for avlingssvikt forårsaka av klima

I Rogaland har 240 føretak søkt om erstatning for klimabetinga avlingssvikt etter ein regnfull sommar og haust. Søknadene blir nå behandla av kommunane. Kommunane gir uttale i sakene, og Fylkesmannen gjer vedtak.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.11.2017

160 har søkt elektronisk og 80 har søkt om erstatning på papir. I husdyr- og grasfylket Rogaland er det som venta flest søknader på grovfôr, og desse utgjer om lag 80 %. Dei øvrige søknadene fordeler seg på poteter, korn, grønsaker, frukt, bær og honning.

Det har kome inn søknader i frå alle delar av fylket. Hå kommune har motteke flest, med 50 søknader. Søknadene blir nå behandla av kommunane, og i samband med den kommunale behandlinga skal det i kvar enkelt sak gis uttale. Deretter behandlar Fylkesmannen søknadene, og gjer vedtak om erstatning eller vedtak om inga utbetaling. Når utrekninga viser at skadeårets avling er innafor eigendelen på 30 %, blir det inga erstatningsutbetaling.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner