Korleis kan kommunane bidra til klimaomstilling i landbruket?

Etter hogst må forynging til for å sikre framtidig klimagassopptak på arealet.

Saman med næringa kan kommunane gjere ein innsats for redusert klimagassutslepp frå landbruket. Ny rettleiar frå Miljødirektoratet gir oversikt over kommunane sin rolle, og viser kva verktøy kommunen kan bruke. Rettleiaren kan vere til god hjelp i arbeidet med klima- og miljøplanane. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.03.2021

Rettleiaren finn du på heimesida til Miljødirektoratet. Her finn du i tillegg lenker til relevante prosjekt som kan vere nyttige. 

Kommunal planlegging set rammene for samfunnsutviklinga

Vi peiker særleg på rolla kommunnane har som styresmakt etter plan- og bygningslova. Her set dei langsiktige rammer for samfunnsutvikling og framtidig arealdisponering. Omsyn til landbruk og klima er ein del av den kommunale planlegginga. 

Kommunane kan sikre karbonrike areal

Avskoging og nedbygging av karbonrik mark som myr utgjer ei betydelege kjelder for utslepp av CO2. Planting av skog på nye areal og restaurering av våtmark verker motsett. Gjennom arealplanlegginga kan kommunane avgjere om areala skal omdisponerast til andre føremål eller takast vare på som utmark. Kommunane forvalter også regelverk som skogbrukslova, jordlova og nydyrkingsforskrifta. 

Kommunen har fleire viktige og relevante roller opp mot landbruk og klima, og vi anbefaler å ta ein titt i rettleiaren.  

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner