Biogasspilot på Jæren

I kort avstand frå grisehuset prøvetestar Olav Røysland no sin nybygde biogassreaktor. Gassen blir produsert på grisegjødsel utan bruk av tilleggssubstrat.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.12.2016

Rein biorest

Bioresten kan då tilbakeførast til landbruket som gjødsel utan at presset på spreieareal for husdyrgjødsel aukar. Eit tradisjonelt biogassanlegg treng ekstra feittrike tilleggssubstrat for å løyse ut biogassen i husdyrgjødsla. Tilleggssubstrat kan vere uheldig for jordbruket grunna fosforinnhald, tungmetall og av hygieniske årsaker.

Nye gjødselprodukt

Parallelt blir det arbeidd med å utvikle bioresten til eit trygt og berekraftig gjødselprodukt for kommersielt sal, til dømes til hageeigarar. Forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er involverte for å fram fleire reseptar for nye gjødselprodukt for hagemarknaden. Røysland arbeidar òg saman med Norsk Naturgjødsel, som produserer og sel gjødselvarer med opphav frå husdyrgjødsel for landbruket og hagemarknaden.

Den nye teknologien for biogass som Røysland har teke i bruk, er utvikla av forskingsstiftinga Tel-Tek i Telemark. Rett utanfor garden går eit nedgrave røyrnett for rågass. Gassleidninga går frå Randaberg i nord, til Hå sør på Jæren. Røysaland har avtale med Lyse om å sleppe gassen inn på rågassnettet.

Eit nasjonalt pilotprosjekt

Regjeringa øyremerkte i 2015 åtte millionar kroner til pilotanlegg for biogass. Som ei av fem bedrifter i Noreg fekk Røysland midlar frå Innovasjon Norge. Røysland har også fått støtte frå VRI-Rogaland til å finne berekraftige løysingar for den vidare bruken av bioresten. VRI står for verkemiddel for regional forsking, utvikling og innovasjon, og blir leia av Rogaland fylkeskommune. Fylkesmannen i Rogaland er aktivt involvert med både arbeidsressursar og økonomiske midlar.

Utan økonomisk støtte gjennom offentlege og fylkeskommunale midlar i biogassatsinga, såg Olav Røysland for seg raude tal i rekneskapen og hadde ikkje gått inn for denne satsinga. Han meiner i tillegg at når energien frå biogass ikkje er ein likeverdig konkurrent til andre energikjelder på pris, så er risikoen for stor for bøndene.

Rogaland har framleis dei beste føresetnadene i landet for produksjon av biogass. Her er mykje husdyrgjødsel, ein infrastruktur med gassleidningar og teknologisk kompetanse innan handtering av gass og husdyrgjødsel. Olav Røysland har satsa, og fleire bør følgje etter.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner