Fagsamling for landbruksforvaltninga i Rogaland

Dato:
3. juni 2026 09:30 - 4. juni 2026 15:30
Stad:
Quality Hotel Maritim, Åsbygata 3, 5528 Haugesund
Arrangør:
Kommunane på Haugalandet og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Kommunal landbruksforvaltning i Rogaland
Fagsamling i Suldal 2024.
Fagsamling i Suldal 2024. Foto: Statforvaltaren i Rogaland.

Statsforvaltaren inviterer igjen til den årlege fagsamlinga for landbruksforvaltninga – ein viktig arena der vi styrkjer beredskap, deler kunnskap og byggjer eit breiare nettverk på tvers av stat og kommune. 

 

Publisert 17.03.2026

I år samlast vi på Haugalandet, ein region kjend for sterkt landbruksmiljø, kystnær kultur og eit engasjert fokus på berekraftig matproduksjon.

Gjennom to innhaldsrike dagar dykkar vi ned i aktuelle og viktige tema som beredskap, dyrevelferd, planvask, gjødselregelverk, avskoging, kystlynghei, gründerkompetanse og lokalmat. Samstundes utforskar vi korleis vi saman kan stå rusta til å møte dei endringane og utfordringane som vil prega landbrukssektoren framover.

Samlinga gir rom for både inspirasjon, refleksjon og erfaringsdeling – og for å knyte nye band som styrkjer samarbeidet i kvardagen.

Vi overnattar på Quality Hotel Maritim, midt i hjartet av Haugesund. Dag to blir det som vanleg synfaring – og vi reiser i fellesskap med buss, slik at alle får god tid til både fagprat og utsyn undervegs.

Vi gler oss til to dagar med fagleg påfyll, gode samtalar og nye perspektiv – og til å sjå dykk alle på Haugalandet!

Påmeldingsfrist: 30. april

Velkomen!  

Program

Onsdag 3. juni       

 

09.30-10.00       Registrering og ein matbit på Hotell Maritim    

10.00-10.15       Velkomen og opning av fagsamlinga ved Annette Sæther, næringssjef, Haugesund kommune

10.15-10.35       Nytt frå landbruket og presentasjon av nye tilsette i kommunane og hos Statsforvaltaren ved Monica Dahlmo

10.35-11.05       Utfordringsbiletet og omstillingar i mjølkesektoren ved Bjørn Halvor Åsland, TINE

11.05-11.20       Pause         

11.20-12.00       Totalforforsvarsåret 2026 – også viktig for landbruket ved Tonje Fjermestad Aase, Statsforvaltaren

12.00-13.00       Lunsj           

13.00-13.25       Villmat = lokal verdiskaping av naturgitte ressursar på Hagland ved Siw Irene Bogshamn, Villmat

13.25-13.40       Kva skal vi gjere med dei fråflytta driftsbygningane i landbrukslandskapet? Ved Elin Schanche, seksjonsleiar landbruk i Sola kommune

13.40-13.50       Samtale om næringsutvikling med Bogshamn og Schanche, leia av Statsforvaltaren

13.50-14.00       Pause         

14.00-14.30       Nytt frå Mattilsynet ved Guro Myhrene, seksjonssjef for planter og dyr i Sør-Rogaland i Mattilsynet

14.30-14.50       Om arealplan og jordvern ved Vigleik Winje, planansvarleg i Karmøy kommune

14.50 –15.15      Arbeidet med FRAM planen - retningsliner for landbruksområde og massehandtering  ved Rogaland fylkeskommune og Rune Lian, Statsforvaltaren

15.15-15.35       Pause        

15.35-16.00       Jord og jordmassar - fagleg påfyll om jord, ved Torhild N. Anda, Statsforvaltaren

16.00-16.15       Gjødselregelverket - oppdatering frå Rogaland ved Nono Dimby og Monica Dahlmo, Statsforvaltaren

16.15-16.25       Samtale     

16.25-16.50       Frå skog til spreieareal på innmarksbeite, ved Stein Bomo og Nono Dimby, Statsforvaltaren

16.50-17.00       Informasjon om morgondagens bussturar        

                                           

19.00                 Festmiddag                

 

Torsdag 4. juni

Her kan du velje mellom to turar enten til Vindafjord eller Karmøy.

 

🌿 Busstur til Vindafjord – Ei reise gjennom landbruk, lokalmat og grøne løysingar

08:00                 Avreise frå Hotel Maritim, Haugesund
Vi startar dagen med avgang frå Haugesund – klar for fagleg påfyll og flotte naturopplevingar.

08:30                 Påstigning i Aksdal
Bussen svingar innom Aksdal og plukkar opp deltakarar ved parkeringsplassen i Rådhusvegen (merk: delar av området er Tesla‑ladestasjon).

09:00–10:15      Gardsbesøk i vakre Vikebygd
Magne Bjordal tek oss med inn i drifta på garden. Her får vi høyra om rensepark, nydyrking, juletre, fangdammar, gris, sau – og meir til. Eit praksisnært innblikk i aktivt og framtidsretta landbruk.

10:35–10:45      Tømmerkaia på Utbjoa
Vi stoppar ved den nyutvida tømmerkaia. Ordføraren i Vindafjord orienterer om satsinga og dei nye moglegheitene for lokal verdiskaping.

11:15–12:30      Tveit Søndre Gardsmat i Ølen
Vi besøker ein lokal kjøtprodusent og slaktar med breitt spekter: mjølkekyr, sau, hjortevilt og gardsbutikk med fokus på kortreist mat og kvalitet i alle ledd.

13:00–14:30      Lunsj på Øvregård i Imsland
Vi blir serverte ein god lunsj med dessert, og vertskapet ved Anita Øvregård fortel om gardsdrift, bakst, foredling og den tradisjonsrike landhandelen.

15:05–15:15      Flisfyringsanlegget ved Vindafjordhallen
Nyetablert og framtidsretta energiløysing. Det blir orientering om drift og energibruk – rett frå buss-setet.

15:45                 Retur til Aksdal
Dagen rundast av med ankomst Aksdal.


 

🌊 Busstur til Karmøy – Landskap, lokal mat og landbruk i endring

08:30                 Avreise frå Hotel Maritim, Haugesund
Bussen set kursen mot Karmøy, med løpande informasjon om kommunen og det særprega landskapsvernområdet på vestkysten.

09:10–10:40      Langåkergarden AS, Stol
Vi besøkjer ein stor grønsaksprodusent med eige pakkeri. Det blir fagleg innlegg om marknad, utvikling og utfordringar i grønsaksproduksjon – samt orientering frå vasskoordinator om vasstiltak i Langåkeråna.

11:00–12:00      Avaldsnes grunneigarlag, Skår
Her får vi innblikk i arbeidet med skjøtsel og beiting i kystlynghei – eit viktig og sårbart kulturlandskap.

12:15–13:15      Lunsj på Fransehagen Café & Bistro, Visnes
Lokalmat på sitt beste! Det blir informasjon om Skeie gard og restauranten Oxe medan vi nyt lunsj med kortreiste råvarer.

13:25–14:25      Hilmar Eide, Torvastad
Vi besøkjer ein aktiv saueprodusent som deler erfaringar om drift og avl.
HT Gjerde informerer om solide og effektive gjerdeløysingar.

14:30–15:15      Bjørgene friluftsområde, Torvastad
Her får vi høyre om det viktige tilretteleggingsarbeidet til Bøtoppen alternative skule, som bidreg til god tilkomst og bruk av området.

15:30                 Retur til Hotel Maritim, Haugesund
Bussen køyrer vidare til Aksdal for dei som skal av der.

 

Fagsamling 3.-4. juni 2026

Påmeldingsalternativ
Velg den bussturen du vil være med på
Dato:
3. juni 2026 09:30 - 4. juni 2026 15:30
Stad:
Quality Hotel Maritim, Åsbygata 3, 5528 Haugesund
Arrangør:
Kommunane på Haugalandet og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Kommunal landbruksforvaltning i Rogaland