Avlyst: AR5-kurs for landbruksforvaltninga i kommunane, webinar og feltkurs

Dato:
25. mai 2023 09.00 - 6. juni 2023 17.00
Sted:
På nett og i Gjesdal
Arrangør:
NIBIO, Statsforvaltaren i Rogaland og Gjesdal kommune
Målgruppe:
Kommunal landbruksforvaltning
Eit landskap med stor variasjon av arealtypar. Dette bilete er frå Kvildal i Suldal. Foto: Helene Medhus Skedsmo, Statsforvaltaren i Rogaland

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) arrangerer saman med Statsforvaltaren og Gjesdal kommune kurs i AR5 25. mai og 6. juni. Kurset er særs nyttig for dei i kommunen som ajourfører AR5, sjølve grunnlaget for Gardskart. 

Publisert 05.05.2023

Kurset er todelt med eit webinar 25. mai kl 9-11, og eit heildags feltkurs i Gjesdal den 6. juni. Best nytte får dykk ved å delta begge dagane. Dykk finn meir praktisk informasjon på NIBIO sine heimesider her.  

På webinaret den 25. mai går NIBIO igjennom ein del teori som eit grunnlag for feltkurset den 6. juni. På feltdagen skal vi gå i terrenget og få praktisk opplæring i AR5-kartlegging. Kurset gir kommunen naudsynt kunnskap for kommunens oppgåver i ajourhold av AR5. 

Litt praktisk informasjon

Kurset er meint for dei i kommunen som bruker og ajourfører AR5.

Webinaret den 25. mai skjer på nett, og du kan sitte på eigen pc og følgje med. 

På feltkurset 6. juni skal vi vere ute i terrenget i Gjesdal heile dagen uavhengig av ver. Så kle dykk etter forholda. 

For å gjere kurset kostnadsfritt må de ordne transport og mat sjølv på feltkurset 6. juni.  

Lenke til webinar, meir informasjon om feltkurset i Gjesdal blir sendt ut til dei påmeldte når dei aktuelle dagane nærmar seg. 

Derosm dykk har sprøsmål kring det praktiske ved kursa kan dykk kontakte Statsforvaltaren i Rogaland ved Rune Lian. Dersom det er faglege spørsmål til AR5 kan dykk kontakte Kjetil Fadnes i NIBIO på kjetil.fadnes@nibio.no eller 90 60 18 94

Skal du vere med på webinaret 25.5?
Skal du vere med på feltkurset 6.6?
Dato:
25. mai 2023 09.00 - 6. juni 2023 17.00
Sted:
På nett og i Gjesdal
Arrangør:
NIBIO, Statsforvaltaren i Rogaland og Gjesdal kommune
Målgruppe:
Kommunal landbruksforvaltning

Kontaktpersoner