Landbrukskonferansen 2023

Dato:
20. mars 2023 08.30 - 15.30
Sted:
IMI Forum, Stavanger
Arrangør:
Rogaland fylkeskommune, KS, Landbruksråd Rogaland, Rogaland Bondelag, Agrovisjon, Rogaland landbruksselskap, LO, NHO og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde, bønder og representantar for bondeorganisasjonar, tilsette i offentleg landbruksforvaltning og næringar som jobbar mot landbruket og elles alle med interesse for landbruk og landbrukspolitikk.
Påmeldingsfrist:
10. mars 2023 00.00

Påmeldinga er opna! Bli med på årets Landbrukskonferanse måndag 20. mars. Her får du fagleg påfyll, og kan møte både kjenningar og nye folk. Tema for dagen blir "Mat må me ha – bonden, jorda og naturen i samspel". Vi håper å sjå deg i Stavanger.

Publisert 18.01.2023

Bonden, jorda og naturen er dei viktigaste føresetnadene for matproduksjonen. Er det slik at vi tek desse for gitt og er det grunnar til uro? Blir teknologien den viktigaste drivaren i åra som kjem, eller bør vi i større grad leggja vekt på dei sosiale tilhøva og samspelet med naturen? Kva vil bøndene sjølve velja framover? Årets landbrukskonferanse gjer deg litt klokare. Velkomen!

Mat må me ha – bonden, jorda og naturen i samspel

Konferanseleiar; Bothild Åslaugsdotter Nordsletten (dagleg leiar og redaktør i Bondevennen)

08.30 Registrering og servering av kaffi m.m.
09.00 Velkomen ved Ståle Hustoft, jordbrukar frå Nedstrand

Miljømessig berekraft - Naturvern og jordvern

09.15  Landbruket må ta omsyn til naturen. Liv Guri Velle, forskingsleiar i Møreforsking
10.00 Kampen om jorda – kommunane sitt handlingsrom til å tilbakeføre utbyggingsområde til jordbruksformål. Nikolai K. Winge, dagleg leiar i Holth & Winge
10.30 Ordførarar kommenterer, Sigmund Lier frå Tysvær kommune og Odd Stangeland frå Eigersund kommune
10.50 Pause

 Økonomisk og sosial berekraft - Fleire bein å stå på

11.10  God inntening på vidareforedling av skogressursane i kombinasjon med mjølkeproduksjon. Kjetil Skartland, bonde og skogeigar
11.35 Inn på tunet  – garden som arena for demensomsorg. Marit og Arthur Salte frå Torvholen Gard
  Time kommune sine erfaringar med Inn på tunet og korleis garden kan bidra til kommunal oppgåveløysing. Andreas Vollsund, ordførar i Time kommune
12.00 Lunsj med lokalmat og drikke frå Rogaland
13.00  Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland ved Geir Skadberg, styreleiar i Rogaland landbruksselskap
13.15 Teknologi, kunstig intelligens og robotisering i drivhus. Jean-Marc Launay, Leder forretningsutvikling Trolltunga Robotics AS
13.35 Rogalandsbonden må ta mange val nå om dagen - skal, skal ikkje om vegval, økonomi/lønsemd. Bjarne Holm, direktør i Norsk Landbruksrådgiving
14.15 Pause
14.35 Om lag kvar tredje mjølkeprodusent i Rogaland vil slutta med mjølk innan 15 år. Kommentarar frå TINE v/ Asgeir Pollestad og Q-meieriet v/ Geir Vestly
14.50 Bonde i medgang og motgang, korleis unngå psykiske utfordringar. Halle Arnes, fagkoordinator HMS i Norsk Landbruksrådgiving
15.20 Kort oppsummering av dagen v/konferanseleiar
15.30 Takk for i dag. Vel heim!

 

Påmelding

Meld deg på ved å klikke på linken under. Frist for påmelding er 10. mars, og påmeldinga er bindande. Konferansen kostar 950 kroner per deltakar. 

https://www.deltager.no/statsforvalteren/event/landbrukskonferansen_2023

Her kan du sjå kven som har meldt seg på.

Konferansen er på IMI Forum i Stavanger. Næraste buss-stopp er IMI- Kirken busstopp som ligg 2 min gange frå IMI Forum. Dersom du må parkere, er det mogleg på P-forum Tjensvoll. Her er det også mogleg å lade el-bilen.

 

Dato:
20. mars 2023 08.30 - 15.30
Sted:
IMI Forum, Stavanger
Arrangør:
Rogaland fylkeskommune, KS, Landbruksråd Rogaland, Rogaland Bondelag, Agrovisjon, Rogaland landbruksselskap, LO, NHO og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde, bønder og representantar for bondeorganisasjonar, tilsette i offentleg landbruksforvaltning og næringar som jobbar mot landbruket og elles alle med interesse for landbruk og landbrukspolitikk.
Påmeldingsfrist:
10. mars 2023 00.00