Informasjonsmøte om tilskotsordningane

Dato:
4. november 2022 12.00 - 13.15
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland
Påmeldingsfrist:
2. november 2022 23.00

Statsforvalteren inviterer til digitalt informasjonsmøte om tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling i barnehagar, skolar og PPT. Møtet er den 4. november 2022 kl 12.00 - 13.15

Publisert 18.10.2022

På møtet vil vi informere om

  •    Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage
  •    Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole.
  •    Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Vi informerer spesielt om retningslinjene og kva tilskot kan brukast til, samarbeid og partnarskap i ordningane, ordninga i Rogaland og korleis barnehage- og skoleeigarar kan melde behov for tilskot.

Klikk her for å delta i møtet

Målgruppe for samlinga

Alle som vil vite meir om tilskotsordningane i barnehagar og skolar kan delta. Vi ønsker spesielt velkommen desse målgruppene:

  • eigarar av offentlege og private barnehagar og skolar
  • styrarar/daglege leiarar og rektorar
  • barnehagemynde
  • representantar for PPT
  • andre aktørar i «Laget rundt barnet», f.eks. helsesjukepleiarar, barnevern, BUP mfl.
  • universitet, høgskuler og nasjonale kunnskapssenter
  • arbeidstakarorganisasjonar
  • arbeidsgivarorganisasjonar
  • interesseorganisasjonar

 

Dato:
4. november 2022 12.00 - 13.15
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland
Påmeldingsfrist:
2. november 2022 23.00