Nettverkssamling for samfunnstryggleik og beredskap

Dato:
14. september 2022 12.00 - 15. september 2022 12.00
Sted:
Utstein Kloster hotell, Stavanger kommune
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. Andre regionale beredskapsetatar som har interesse av å delta på samlinga så langt det er plass
Foto: Utstein kloster hotell

No er programmet for årets nettverkssamling endeleg klart (Sjå vedlegg).

Vi er nøgde med programmet og forelesarane som kjem. Takk til dei av dykk som har komme med innspel på tema og spørsmål!

Publisert 09.06.2022

NB! Det er mange år sida så mange ville delta på samlinga og nytte moglegheita til å bygge nettverk på kvelden. Derfor har vi overskride kapasiteten på Utstein kloster hotell. Det betyr at nokre av oss skal overnatte på Utstein Pilgrimsgard.

Ta med kle etter været, og sko til å vere litt ute i. Gjerne også skift dersom det mot formodning regnar.

Pilgrimsgarden ligg i nærleiken av hotellet.

Vi gjer merksam på at avbestillinger etter 7.september ikkje blir refundert.

De får utdelt deltakerliste på samlinga.

Det går ein buss, nr 33 til Fjøløy, ifrå Sokn busstasjon kl 0938, for dei som satsar på kollektivtransport.

Tema for konferansen

Hovudtema denne gong vil vere totalforsvaret. Kva betyr utvidinga av NATO for Norge? Trusselvurdering, vertslandstøtte, forsyningsberedskap, atomberedskap er nokre tema.

Forelesarar blir m.a. Arne Bardalen fra Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Palle Ydstebø fra FHS/Krigsskolen og Ole Bøklepp fra Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA).

Programmet ligg vedlagt i 

Alternativ

Inkludert

pris

Full pakke

Konferanse, lunsj begge dagar, overnatting og middag på hotellet.

2400,-

Dagpakke to dagar:

Konferanse og lunsj begge dagane

1300,-

Dagpakke onsdag 14/9

Konferanse og lunsj ein av dagane

650,-

Dagpakke torsdag 15/9

Konferanse og lunsj ein av dagane

650,-

 

Statsforvaltaren sender faktura etter konferansen.

Dersom de har allergier; gi beskjed slik at vi kan finne alternativ.

Du får svar på e-post når påmeldinga er registrert.

Dato:
14. september 2022 12.00 - 15. september 2022 12.00
Sted:
Utstein Kloster hotell, Stavanger kommune
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. Andre regionale beredskapsetatar som har interesse av å delta på samlinga så langt det er plass

Dokumenter