Webinar: Kunnskapsgrunnlag for jordvern

Dato:
11. november 2021 09.00 - 18. november 2021 11.00
Sted:
Teams
Arrangør:
NIBIO og Statsforvaltarane i Agder og Rogaland
Målgruppe:
Hovudmålgruppa er tilsette i kommunar som jobbar med landbruksforvaltning og plan, men også andre i kommunen som jobbar med arealforvaltning slik som GIS, kommuneplan, etc. Det er også ope for konsulentar og andre interesserte.
Bynært landbruk ved Ytre Tasta i Stavanger
Bynært landbruk ved Ytre Tasta i Stavanger Foto: Anfinn Rosnes.

Todelt webinar den 11. og 18. november med gjennomgang av viktige verktøy til kommunal arealforvaltning og jordvern.

 

Publisert 17.09.2021

Kunnskap om landbruksområda og jordsmonn i arealplanlegginga er ein føresetnad for berekraftig utvikling og jordvern. God kjennskap kart og databasar og korleis desse kan brukast legg grunnlaget for gode avgjerder i den kommunale arealforvaltninga. NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) utarbeider ulike kart og databasar som er til god hjelp for kommunane sitt arbeid med jordvern i arealforvaltninga.

NIBIO i samarbeid med Statsforvaltarane i Agder og Rogaland inviterer til eit webinar over to dagar om temaet.

To dager webinar

Torsdag 11. november kl. 09:00-11:00

Dag 1 omhandlar landsdekkjande kartgrunnlag, arealressurskart AR5 og dyrkbar jord. I tillegg blir det informasjon om nedbygging av jordbruksareal, samt demo av Arealbarometer og kart og funksjonalitet i Kilden.

 

Torsdag 18. november kl. 09:00-11:00

Dag 2 omhandlar jordsmonnkart for dei kommunar som har dette og korleis dette kan nyttast til å verdsette og klassifisere jordbruksareal der jordressursen blir vege opp mot andre omsyn.

Program

Sjå vedlagt program.

Praktisk infomasjon

Webinaret er gratis.

Påmeldingsfrist er 9. november for begge dagar.

Lenke til webinaret vil bli sendt etter påmeldingsfristen.

 

Påmelding

Dato:
11. november 2021 09.00 - 18. november 2021 11.00
Sted:
Teams
Arrangør:
NIBIO og Statsforvaltarane i Agder og Rogaland
Målgruppe:
Hovudmålgruppa er tilsette i kommunar som jobbar med landbruksforvaltning og plan, men også andre i kommunen som jobbar med arealforvaltning slik som GIS, kommuneplan, etc. Det er også ope for konsulentar og andre interesserte.