Kurs i offentleg helsearbeid

Dato:
7. oktober 2021 08.30 - 8. oktober 2021 16.15
Sted:
Radisson Blu Atlantic Hotel
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
LIS1 legar, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar.

Vel møtt til fagleg og sosial samling for LIS1, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta i Rogaland.

Publisert 29.06.2021

Kurset startar torsdag 7 oktober. Det blir tatt opp tema som er relevante i dykkar praksis ute i kommunane og som dekker læringsmål for LIS1. 

Kursdagen 7. oktober er berre for LIS1 legar. Fredag 8.oktober er for LIS1 legar, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar.

Reiseutgifter og overnatting:

Deltakarar som er med på samlinga får dekt reiseutgifter. Send reiserekning og kvitteringar til Statsforvaltaren i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger. Du kan bruke vedlagt skjema. 

Me dekkar overnatting på Radisson Blu Atlantic Hotel for dei LIS1 med lang reiseveg. Me har reservert hotellrom, så marker dersom du treng overnatting når du meldar deg på. Dersom ein må starta reisa før kl. 06.00 om morgonen kan ein få dekka overnatting 6-8 oktober.

Felles middag for LIS1 er på Radisson Blu Atlantic Hotel sin restaurant Ajax. Tidspunkt kjem seinare. 


Påmeldingsfrist 14.09.2021.


 

Covid-19

Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør av gjeldande kurs. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Statsforvaltaren tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.

 

Dato:
7. oktober 2021 08.30 - 8. oktober 2021 16.15
Sted:
Radisson Blu Atlantic Hotel
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
LIS1 legar, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar.