Jordhelsekurs - ein regenerativ verktøykasse

Dato:
6. september 2021 10.00 - 7. september 2021 15.30
Sted:
Drivhuset på Bærheim, Sola
Arrangør:
Økologisk Rogaland
Målgruppe:
Bønder, gartnarar, rådgjevar og tilsette i landbruksforvaltninga
Djupbdykk i eng. Foto: Annabell Pfluger, Statsforvalteren

I dette kurset lærer du om korleis du kan stimulere dei regenerative, oppbyggande prosessane i jorda med mål om god vekst og kvalitet.

Publisert 11.08.2021

Kurs A: Optimering av plantedyrking og gjødselhandtering  – ein verktøykasse for bonden

Ubalanse i jorda fører ofte til dårleg næringsstoffeffektivitet, redusert avling og ugras. Tema vi kjem inn på er plantemangfald, behandling av blautgjødsel og talle, biokull og ferment, bevisst kalking, gjødslingspraksis og Albrechtanalyse. Vi skal snakke om jordbiologi, jordkjemi og jordstruktur og korleis desse tre faktorane gjensidig påverkar kvarandre.

Deltakarane får informasjon om teori og praktiske tiltak og får med seg heim ein «verktøykasse» (handlingsplan) til bruk på eigen gard.

Kurs B: Djupdykk i jordbiologi – og jordkjemi. Vi lagar ferment.
I dette kurset dykkar vi litt djupare ned i jordbiologi og kjemi, tolkar fleire eksempel på Albrechtanalysen og set ferment i praksis. Mjølkeprodusenten Kolbjørn Anda deler sine erfaringar om fermentbehandling av blautgjødsel med oss. Vi vil også ta spadeprøvar for å vurdere jorda med sansane.

Kurs B bygger på kurs A. Det er mogleg å delta berre på ein av dagane. Ønsker du berre å delta på kurs B bør du ha forkunnskap.

Målgruppe
: bønder, rådgjevarar og tilsette i landbruksforvaltinga
Kurslokal: Drivhuset på Bærheim, Forusbeen 337, Sola. På ettermiddagen av kurs B er vi hos Kolbjørn Anda på Randaberg.
Deltakaravgift: 350.- per dag inkl lunsj og pausemat.
Påmelding innan 30.august til rogaland@okologisknorge.no

Felles middag kl 19 for dei som ønsker det (kr 400).

Kursholdarar Vibhoda Holten er agroøkolog og med 16 års erfaring innan landbruket, forsking og miljøspørsmål. Vibhoda og Martin Beck står for jordfruktbarheitskurset som har blitt arrangert i ei rekke år på Østlandet. Dette todagarskurset har element frå jordfruktbarheitskurset. 

Bengt Borsheim fra Urban Natur deler erfaringer i utvikling og bruk av biokull-produkt, og effekten på natur og planter.
Mjølkeprodusent Kolbjørn Anda fortel om erfaring med ferment.


Arrangementet er støtta med midlar frå Landbrukets utviklingsfond (LUF)/Rogaland fylkeskommune. Link til jordhelsekurset på facebook.

Dato:
6. september 2021 10.00 - 7. september 2021 15.30
Sted:
Drivhuset på Bærheim, Sola
Arrangør:
Økologisk Rogaland
Målgruppe:
Bønder, gartnarar, rådgjevar og tilsette i landbruksforvaltninga