Korleis bruke resultata frå dei nasjonale prøvane i lesing?

Dato:
3. april 2019 - 4. april 2019
Sted:
Haugesund eller Bryne
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Skoleleiarar, lærarar, skoleeigarar og PPT

Vil du lære meir om korleis du kan gjere elevane dine betre i lesing i alle fag? Meld deg på fagdag om nasjonale prøvar i lesing 3. eller 4. april 2019!

Publisert 17.01.2019

Fylkesmannen inviterer til fagdag om korleis resultata frå nasjonale prøvar kan brukast på skolen, med heile lærarkollegiet og i det vidare arbeidet i klasseromma. Arbeidet med dei nasjonale prøvane skal komme den einskilde eleven til gode.

Dei nasjonale prøvane i lesing blir utvikla av ILS (Institutt for lærarutdanning og skoleforskning ved UiO), og vi har fått med oss innleiarar frå ILS som vil stå for det meste av dagen. 

Lesesenteret vil følgje opp med konkrete tips til leseopplæringa. Lesesenteret er både ein del av UiS og nasjonalt senter for leseopplæring og leseforskning. 

Vi arrangerer den same fagdagen i Haugesund og på Bryne.

Vi oppmodar om at både leiing og lærar deltek.

Oppsummer resultata frå din skole. Ta med pc slik at du har tilgang til prøvane dine og rettleiingsmateriellet.

Stad og tid

Scandic Maritim, Haugesund 3. april 2019 kl. 09:00 - 15:35

Forum Jæren, Vidsyn, Bryne 4. april 2019 kl. 09.00 - 15:35

Program

Last ned program og presentasjon av bidragsytarar.

Pris

Deltararavgift kr 770 som vert fakturert i etterkant.

Påmelding

Bindande påmelding innan 18. mars i skjemaet nadanfor. Først til mølla-prinsippet gjeld.

 

Dato:
3. april 2019 - 4. april 2019
Sted:
Haugesund eller Bryne
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Skoleleiarar, lærarar, skoleeigarar og PPT