Statsforvaltaren i Rogaland opprettar tilsyn etter dødsfall ved Stavanger universitetssjukehus

Bakgrunnen er at eit barn døydde under tannbehandling i narkose denne veka. Helsetilsynet ber Statsforvaltaren i Rogaland om å vurdera vidare tilsyn etter den alvorlege hendinga.

Publisert 05.04.2024

– Dette er ei sak med eit alvorleg utfall, og saka får høg prioritet hos oss. Nå har Helsetilsynet bede oss om å følgja opp saka vidare. Me kjem til å oppretta tilsyn, men det er for tidleg å slå fast korleis me skal innretta dette, seier fylkeslege Andres Neset hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Politiet har sett i gang eiga gransking

Både Helsetilsynet og politiet blei varsla etter dødsfallet. Politiet sette tidleg i gang etterforsking av hendinga. Det er viktig å skilja mellom det arbeidet politiet er sett til å gjera og det tilsynet Statsforvaltaren skal gjennomføra.

– Vårt tilsyn har som formål å bidra til kvalitet og pasientsikkerheit, og tillit til helsetenestene. Når me vurderer korleis me følgjer opp alvorlege hendingar, er det dette som er førande for våre tilsynsaktivitetar. Me koordinerer aktivitetane våre med politiet, slik at tilsynet vårt ikkje kjem i vegen for deira etterforsking. Etter avtale mellom Helsetilsynet og Riksadvokaten, kan politiet be oss om råd i etterforskinga, seier Neset.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.