Janne Dahle-Melhus gir seg som fylkeslege

Janne Dahle-Melhus er fylkeslege i Rogaland
Janne Dahle-Melhus melder overgang til Equinor på nyåret. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvalteren.

Dahle-Melhus har vore i stillinga sidan 1. august 2016. I februar 2022 gir ho seg og begynner som bedriftslege i Equinor.

Publisert 08.12.2021

– Etter fleire år som fylkeslege og avdelingsdirektør har eg behov for å komma tettare på faget mitt igjen. Eg har jo jobba som bedriftslege tidlegare, så dette er ikkje ukjent for meg, seier Dahle-Melhus.

Krevjande pandemi, men ikkje grunnen til at ho sluttar

– Arbeidsdagane har vore travle for deg under pandemien. Er dette grunnen til at du gir deg nå?

– Nei, det er det ikkje. Det har sjølvsagt vore mykje arbeid, men samtidig har det vore fagleg spennande. Det første halvåret av pandemien var rett nok ein unntakstilstand, det er det ingen tvil om. Nå har me funne ei arbeidsform i avdelinga vår som fungerer godt.

Stillinga er lyst ut

Dahle-Melhus startar i Equinor 21. februar 2022. Nå har jakta på etterfølgjaren som fylkeslege/avdelingsdirektør starta. Statsforvaltar Bent Høie seier at den som blir tilsett må ha medisinsk embetseksamen og autorisasjon som lege.

– Den som blir tilsett må i tillegg ha gode leiareigenskapar og leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd. Me legg også vekt på god formidlingsevne. Pandemien har vist kor viktig det er å kommunisera forståeleg og tydeleg, noko Dahle-Melhus har klart på eksemplarisk vis, seier Høie.

Avdelingsdirektøren/fylkeslegen leiar helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hos Statsforvaltaren i Rogaland. Avdelinga har om lag 50 tilsette.

Her er stillingsutlysinga. Søknadsfristen er 21. desember

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.