Førebygging av sjølvmord

Det er mange som på ulike måtar strever i livet sitt. Erfaring viser at folk flest snakkar for sjeldan om sjølvmordstankar med dei dei er bekymra for. Helsepersonell og fagfolk i kommunar og skular har ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje sjølvmord.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.10.2020

For å bidra med kompetansespreiing og informasjon har Helse Vest laga ei ressurside om sjølvmordsførebygging på nett. Målet er å gjere dei som jobbar i kommune og fylkeskommune betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelege samtalane.

Vinteren 2020 planlegg Helse Vest også ein folkeopplysingskampanje på Vestlandet der bodskapen er «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.» Det er viktig at kommunane synleggjer kva hjelpetilbod som finns i kommunen og gjer dette kjent for innbyggjarar og fastlegar i kommunen.

Du kan lese meir om Helse Vest si nettressurs og folkeopplysningskampanje her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.