Fleire kommunar har ikkje oversikt over behov for rehabilitering og habilitering

Fylkesmannen oppmodar kommunane om å skaffe seg oversikt over behov for rehabilitering- og habilitering. Tre av ti kommunar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skriv at dei ikkje har ordningar for å ha slik oversikt  i dag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.10.2015

Fylkesmennene i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har gjennomført  ei spørjeundersøking om habilitering og rehabilitering i kommunane. 70 av 85 kommunar har svart på undersøkinga.

Vi har mellom anna spurt kommunane om korleis dei sørgjer for å gje pasientar og brukarar rett tilbod, korleis dei samarbeider med spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar, om dei har dei fagfolka dei treng og om pasientar med ulike sjukdommar får den oppfølginga dei skal ha.

Store forskjellar kommunane i mellom

Undersøkinga tyder på at det mellom anna er forskjell på

  • Kva tilbod pasientar og brukarar med ulike diagnosar får
  • Om det er bestemt kva funksjon koordinerande eining skal ha.
  • Om samarbeidspartnarar i og utanfor kommunen kjenner til og samarbeider med koordinerande eining.
  • Om kommunane har oversikt over behovet for habiliterings- og rehabiliteringstenester og som følgje av dette, behovet for ulike typar fagfolk i tenestene.

Kommunen sitt ansvar

Kommunane sitt ansvar på området er nedfelt i  Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester og Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator:

«Kommunen skal planlegge sin habiliterings- og rehabiliteringsvirksomhet og ha en generell oversikt over behov for habilitering og rehabilitering i kommunen. Tjenester som inngår i kommunens helse- og omsorgstjenestetilbud, skal integreres i et samlet tverrfaglig re-/habiliteringstilbud».

Betre oversikt gir grunnlag for eit betre og meir målretta tilbod

Spørjeundersøkinga og Fylkesmannen sine observasjonar frå tilsyn på området gjev grunn til å spørje om kommunane har god nok kapasitet i dei aktuelle tenestene. Vi oppmodar difor kommunane om å skaffe seg oversikt over behov for rehabilitering og habilitering for alle pasientgrupper. Ein slik gjennomgang og oppsummeringa etterpå kan nyttast som grunnlag for analyse og evaluering av tenestene og som grunnlag for å vurdere behov for kapasitet og kompetanse. Fylkesmannen vil peike på at det i alle kommunar skal vere klart kva mynde og oppgåver koordinerande eining skal ha. Det må òg kome tydeleg fram kvar behovet for tenester skal meldast frå dei ulike samarbeidspartnarane både i og utanfor kommunen.

Lenke til undersøkinga