Erfaringar frå tilsyn med utskriving av pasientar frå spesialisthelsetenesta til kommunane på Vestlandet 2015

Elektronisk meldingsutveksling har forenkla og betra kommunikasjon mellom sjukehus og kommunar og mellom omsorgstenestene og fastlegane. Det er størst risiko for svikt i informasjon om legemiddelbehandling både ved innlegging og utskriving.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.10.2015

Det kjem fram i rapporten Tilsyn med samhandling om utskriving av pasientar frå spesialisthelsetenesta til kommunen 2015 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Rogaland.

I det landsomfattande tilsynet, som desse tilsyna er ein del av, skulle Fylkesmannen undersøke om sjukehus og helseføretak ved systematisk styring (internkontroll) sikrar forsvarleg utskriving av pasientar som treng kommunale tenester, og om kommunen sikrar forsvarleg mottak og helsehjelp til pasientar som blir skrivne ut til eigen bustad. Tilsynet gjaldt berre pasientar som var til behandling for somatiske sjukdomar.

Tilsyn med kommunane blei gjennomført av Fylkesmannen i det enkelte fylket. Tilsyn i spesialisthelsetenesta blei gjennomført av eit tilsynslag med medarbeidarar frå dei tre fylkesmannsembeta. I vår region blei det ført tilsyn med åtte kommunar og fire sjukehus.

  1. Gloppen kommune, Vågsøy kommune og Nordfjord sjukehus og Førde Sentralsjukehus, Helse Førde HF
  2. Meland kommune, Åsane bydel i Bergen kommune og Haraldsplass Diakonale Sykehus.
  3. Bømlo kommune, Stord kommune og Somatisk klinikk Stord, Helse Fonna HF.
  4. Sandnes kommune, Stavanger kommune og Stavanger universitetssjukehus, Helse Stavanger HF.